Facebook ikon Twitter logo Print side

Følgjer opp frivillig innsats i helse og omsorg

Regionrådet Vest skal utarbeida eit notat som drøftar ein felles strategi for framtidig frivillig arbeid i regionen, mellom anna innan helse og omsorg. Notatet vert grunnlag for ny drøfting av temaet på eit seinare møte i regionrådet. Regionrådet skal også følgja opp felles framtidig velferdsteknologi.

Frå styremøtet i regionrådet i dag.
Frå styremøtet i dag

På styremøtet i Regionrådet Vest i dag orienterte prosjektleiar i Fjell kommune, Janne Mo, om to prosjekt innan helse og omsorg som fekk skjønsmidlar hjå Fylkesmannen i 2016. Det eine handla om utvikling av modell for frivillig innsats retta mot helse- og omsorgssektoren, medan det andre handla om velferdsteknologi.

Prosjektet knytt til frivillig arbeid fekk 500 tusen kroner.

- Mange eldre treng frivillig hjelp til kvardagsomsorg, som til dømes transportordningar, sa Mo. Under drøftinga på møtet i dag vart det mellom anna vist til at det no vert gjennomført ei kartlegging av det frivillige arbeidet i kommunane, og at ein må sjå oppfølginga av ein felles strategi for frivillig arbeid innan helse og omsorg i lys av dette.

Fylkesmannen har løyvd eín million kroner til innføring av digital velferdsteknologi. Målet er saumlaus bruk av teknologi og felles modell for kommunane. Det skal utarbeidast felles vurderingsverktøy, tildelingsrutinar og om moglege betalingsordningar. Regionrådet ber om å få tilbake ei sak med konkretisering på korleis ein kan bruka velferdsteknologi i offentleg regi.

Brannsjef i Øygarden, Jan Haute Haug, orienterte om løyvinga på 150 tusen kroner til kompetanseheving innanfor kommunal beredskap i dei tre kommunane i regionen. Det vert lagt opp til seminar over to dagar med dette temaet. Ein del av opplæringa er knytt til medietrening.

Les meir på nettsida til Regionrådet Vest.

 

 


Publisert: 28.11.2016 18:44
Sist endret: 28.11.2016 18:48