Facebook ikon Twitter logo Print side

Følgjer opp tilsyn på Sotra legevakt

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med Sotra legevakt. Det vert konkludert med at mykje er på plass, men at det er registrert eitt lovbrot.

Ill.

Tilsynet viser at dei som tek imot telefonar frå folk som treng hjelp, ikkje har felles verktøy eller felles praksis for å innhenta opplysningar dei treng for å prioritera hastegrad. Ifølgje Fylkesmannen var mykje på plass, men lovbrotet utgjer ein risiko for at legevakta ikkje får nok og rett informasjon til å prioritera kor mykje hjelpa hasar. Det er ikkje opplysingar om at dette har hatt alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, skriv Fylkesmannen på nettsida.

Helsesjef Terje Handal er glad for at mykje er på plass på Sotra legevakt, noko Fylkesmannen understrekar etter tilsynet.

- Når det gjeld lovbrot knytt til manglande felles vertkøy, skal vi sjølvsagt etablera nye rutinar så raskt som mogleg. Arbeidet med dette er allereie starta opp ved legevaktsjefen. Vi er glade for at dette ikkje har ført til alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, seier Terje Handal.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 19.10.2018 15:22
Sist endret: 19.10.2018 15:24