Facebook ikon Twitter logo Print side

Folkemøte om Sotrasambandet

Statens vegvesen inviterer til folkemøte om riksveg 555 Sotrasambandet i Fjell rådhus onsdag 30. mai.

Møtet vert halde på Fjell rådhus
Møtet vert halde på Fjell rådhus

På møtet vert det informasjon om bygging av kabel-tunnelar for flytting av høgspentlinja over sundet mellom Fjell og Bergen. Tunnelen i Bergen skal gå frå Breivik til Sotrabrua i Drotningsvik, medan tunnelen i Fjell går frå Sotrabrua i Knarrvika til trafostasjonen på Litlesotra.

På møtet vil Statens vegvesen orientera om framdrifta til prosjektet og korleis naboane til anlegget vil oppleva tunneldrivinga. Det vert også generell informasjon om framdrifta av Sotrasambandet.

Møtet tek til klokka 18.30.

Les meir om møtet på nettsida til Statens vegvesen. Her kan du lesa om vedtaket i Stortinget den 15. mai om å realisera Sotrasambandet.

Her er plakat for folkemøtet.

 Dagen før, den 29. mai kl.18.30 er det tilsvarande møte i klubbhuset til Loddefjord IL i Alvøparken

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 22.05.2018 16:20
Sist endret: 22.05.2018 16:23