Facebook ikon Twitter logo Print side

Folketalet har passert 26 tusen

Ved utgangen av tredje kvartal var det registrert 26 015 innbyggjarar i Fjell. Dette viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

 


Foto: Colourbox

Plan- og utbyggingssjefen opplyser at folketalet auka med 117 personar frå andre til tredje kvartal 2018. Av desse utgjorde fødselsoverskotet 60 personar, medan netto innflytting utgjorde 57 personar.

Dei siste 12 månadane har folketalet i Noreg auka med 0,6 prosent, noko som er den svakaste veksten sidan 3. kvartal 2006. Den svake veksten nasjonalt er eit resultat av låg nettoinnvandring, men også ei gradvis minkande fødselsrate dei siste åra bidrar til låg vekst nasjonalt.

I Fjell kommune har fødselsoverskotet derimot vore meir stabilt. Samanlikna med resten av landet har Fjell framleis relativ høg folkevekst. I løpet av det siste året har folketalet auka med 1,6 prosent. Dette er også den årlege vekstraten Hordaland fylkeskommune har lagt til grunn i sin folketalsprognose for Fjell kommune fram til 2030 (Hordaland i tal Nr. 1 2018).

Skisse

 

Foto: Colourbox


Publisert: 22.11.2018 16:17
Sist endret: 22.11.2018 16:27