Facebook ikon Twitter logo Print side

Folketalsveksten held fram

Ved utgangen av mars var det registrert 25 814 innbyggjarar i Fjell kommune. Dette er 89 fleire enn første januar 2018. Folketalet har auka med 0,35 prosent første kvartal 2018.

Illustrasjon

Dersom folkeveksten i Fjell held fram med same takt, vil det enda med ein folkevekst på 1,4 prosent året under eitt. Første kvartal i fjor auka folketalet i Fjell med 0,42. Året under eitt auka folketalet i Fjell med 2,1 prosent i 2017. Folketalet i fjor auka dermed forholdsvis meir utover året. Dersom vi opplever same trend i 2018, vil folkeveksten verta større enn 1,4 prosent for heile 2018.

For regionen (Sund, Fjell og Øygarden) har folketalet auka med 0,15 prosent det første kvartalet 2018. Folketalet i Øygarden er det same som ved årsskiftet, medan folketalet i Sund er redusert det første kvartalet i år. Øygarden har for første gong sidan fjerde kvartal 2016 ikkje hatt reduksjon i folketalet. Det var ingen endring i folketalet i Øygarden frå årsskiftet til 31. januar i år.

Statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at fødselsoverskotet i Fjell første kvartal var 39 personar, medan netto tilflytting utgjorde 50 personar. Nabokommunen Askøy hadde ein folkevekst første kvartal 2018 på 0,15 prosent.

Illustrasjon

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Publisert: 23.05.2018 09:37
Sist endret: 23.05.2018 09:47