Facebook ikon Twitter logo Print side

Fordeler pengar til trafikksikring, kaiar og vegar

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 7. mars fordela pengar til trafikksikring og utbetring av vegar. I tillegg er det forslag om å fordela midlar til utbetring av kaiar.




Kommunestyret har i investeringsbudsjettet for 2017-2020 sett av 10 millionar kroner til vegutbetring, sju millionar kroner til trafikksikring og 600 tusen kroner til utbetring av kaiar. I framlegget til fordeling av midlane er det ikkje lagt fram kostnadskalkyle. Grunnen til dette er at ein vil sikra konkurranse i marknaden.

Investeringsmidlar til vegutbetring (ramme 10 millionar kroner)

Rådmannen føreslår at det vert sett av pengar til fylkesveg 209 Sartorvegen (miljøgate), Åsvegen (punktutbetring) og Hanavågvegen, Geitanger (sikring).

I reguleringsplan for Straume sentrum er det lagt inn ei miljøgate (Sartorvegen) med to køyrefelt, sykkelfelt, kantparkering og fortau. I første omgang vert det prioritert å laga til eit større overgangsfelt. Åsvegen er svært smal og det manglar trygge gangsonar for dei mjuke trafikantane. Her vert det lagt til rette for å utbetra nokre av dei mest trafikkfarlege punkta. På Geitanger er Hanavågvegen smal og ligg på fylling ut mot sjøen. Etter kvart har kraftig sjø ført til at mykje av fundamentet til vegen har rasa vekk. Det er difor behov for vedlikehald/utbetring av vegen i dette området.

Investeringsmidlar til trafikksikring

I investeringsbudsjettet er det sett av sju millionar kroner i 2017. Det er mellom anna føreslått å delfinansiera ny kostebil og etablera intensivbelysning på dei mest trafikkerte overgangsfelta på Hjelteryggen.

Det ligg også føre søknad om salsløyve for alkohol, Joker på Brattholmen, verksemdoverdraging av.

Her er lista over tilrådde tiltak:

  • Ny kostemaskin, delfinansiering
  • Storvikavegen (Geitanger), asfaltering
  • Bildøyvegen, prosjektering/anbod
  • Hjelteryggen, intensivbelysning
  • Ågotnes skule, utbetring av snu sløyfe
  • Bildøyvegen (Sjøfronten-Ankerhagen), veglys
  • Ågotnes, ferdigstille turveg
  • Skular, trafikkopplæring

Rådmannen har elles føreslått å utbetra Vindenes kai for å sikra bereevne og tryggleik.
- Vindenes kai skal kunna nyttast som snuplass for køyretøy, og ei utbetring vil gjera det trygt å ferdast på kaien, heiter det i saksutgreiinga.

Det vert fleire orienteringar før behandlinga av sakene tek til.

  • Kl. 16.00: Statusmøte med ungdommens kommunestyre
  • Kl. 16.30: FACT-teamet sitt arbeid
  • Kl. 16.50: ROP-bustader
  • Kl. 17.10: Kjøp av kommunale husvære i nytt burettslag på Straume
  • Kl. 17.30: Seminar for komité for drift og forvaltning (KDF) 3. – 4. mai

Møtet (orienteringane) tek til klokka 16.00 og vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Den 7. mars er det også møte i komité for plan og utvikling.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 01.03.2017 14:05
Sist endret: 01.03.2017 14:33