Facebook ikon Twitter logo Print side

Endrar krinsgrensene for ungdomstrinnet

Elevane i Ulveset krins, som i dag går på Fjell ungdomsskule, skal frå hausten av høyra til inntaksområdet til Tranevågen ungdomsskule. Det er klart etter vedtak i komité for drift og forvaltning i går.

Elevtalet på Fjell ungdomsskule har auka meir enn forventa. Difor vedtok komitéen i går å endra krinsgrensene for ungdomstrinnet. Foto: Monica Hovland
Elevtalet på Fjell ungdomsskule har auka meir enn forventa. Difor vedtok komitéen i går å endra krinsgrensene for ungdomstrinnet. Foto: Monica Hovland

Prognosane viser at det i 2019/2020 vil gå om lag 380 elevar på Tranevågen ungdomsskule, medan elevtalet på Fjell ungdomsskule ligg på om lag 550 elevar. Som følgje av trenden om auke i elevtalet for ungdomsskulen på Fjell, vert krinsgrensene endra ved at elevane frå Ulveset krins, skal høyra til inntaksområdet for Tranevågen ungdomsskule.

Investeringsmidlar

Kommunestyret har i investeringsbudsjettet for 2017-2020 sett av 10 millionar kroner til vegutbetring, sju millionar kroner til trafikksikring og 600 tusen kroner til utbetring av kaiar. I framlegget til fordeling av midlane var det ikkje lagt fram kostnadskalkyle. Grunnen til dette var at ein vil sikra konkurranse i marknaden.

Investeringsmidlar til vegutbetring (ramme 10 millionar kroner)

Komitéen vedtok å fordela 10 millionar kroner til vegutbetring. Det vart vedteke å setja av pengar til tre prosjekt; fylkesveg 209 Sartorvegen (miljøgate), Åsvegen (punktutbetring) og Hanavågvegen, Geitanger (sikring).

I reguleringsplan for Straume sentrum er det lagt inn ei miljøgate (Sartorvegen) med to køyrefelt, sykkelfelt, kantparkering og fortau. I første omgang vert det prioritert å laga til eit større overgangsfelt. Åsvegen er svært smal og det manglar trygge gangsonar for dei mjuke trafikantane. Her vert det lagt til rette for å utbetra nokre av dei mest trafikkfarlege punkta. På Geitanger er Hanavågvegen smal og ligg på fylling ut mot sjøen. Etter kvart har kraftig sjø ført til at mykje av fundamentet til vegen har rasa vekk. Det er difor behov for vedlikehald/utbetring av vegen i dette området.

Investeringsmidlar til trafikksikring og kaiar

Det er sett av sju millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2017. Komitéen slutta seg til lista rådmannen har lagt fram.

Her er lista over tiltaka til trafikksikring:

  • Ny kostemaskin, delfinansiering
  • Storvikavegen (Geitanger), asfaltering
  • Bildøyvegen, prosjektering/anbod
  • Hjelteryggen, intensivbelysning
  • Ågotnes skule, utbetring av snu sløyfe
  • Bildøyvegen (Sjøfronten-Ankerhagen), veglys
  • Ågotnes, ferdigstille turveg
  • Skular, trafikkopplæring

I saka om fordeling og bruk av investeringsmidlar til kaiar vart det sett av midlar til utbetring av Vindenes kai for å sikra bereevne og tryggleik.

Salsløyve for alkohol

Brattholmen Handel AS (Joker) fekk innvilga salsløyve for alkohol gruppe 1 utinneverande løyveperiode til 30.09.2020.

På tysdag  var det også møte i komité for plan og utvikling.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 07.03.2017 22:48
Sist endret: 07.03.2017 22:55