Facebook ikon Twitter logo Print side

Førebu deg på flaum og overvatn!

No kan du få kunnskap om kor stor fare det er for flaum og overvatn i nærområdet ditt. Fjell kommune har utarbeidd eit aktsemdskart som gjev oversikt over moglege flaumfarar i eksisterande og planlagde utbyggingsområde.

Aktsemdskartet er samansett av 36 kartblad som identifiserer stader ein må vera ekstra merskame på. Det er også utarbeidd ein rapport «Kartlegging av overvatn og flaum i Fjell kommune» (Asplan Viak 2017). Rapporten er kunnskapsgrunnlag for Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020.

- Rapporten og aktsemdskartet vil hjelpa oss til å førebyggja for flaum og overvatn og hjelpa oss i planlegginga. Det kan også verta aktuelt å styra unna utbygging i nokre område, seier avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling hjå Plan- og utbyggingssjefen, Hanna Gjesdal.

For private grunneigarar, kommunen, Statens vegvesen og andre vil karta vera eit verktøy for å etablera nødvendige førebyggjande tiltak når det vert varsla mykje nedbør.

- Døme på tiltak kan vera å halda vassvegar opne ved å reinska avlaup og liknande for rusk, skrot og uønskt vegetasjon. Vassvegar kan vera både elvar/bekkar, røyr i bakken knytte til private og offentlege veganlegg og bygningar, seier Gjesdal.

Framtida vert våtare og villare

I løpet av dette hundreåret viser prognosar frå Norsk klimaservicesenter at temperaturen og årsnedbøren vil auka, styrtregnsperiodane vert kraftigare, havnivået vil stiga og regnflaumane vert større og kjem oftare.

- For vår kystkommune er det særleg hyppigare og meir intense nedbørsperiodar, overvatn og auka havnivå som utgjer dei største truslane. Dette vil stilla større krav til handteringa av overvatn i utbygde strok i framtida. Oftare og kraftigare styrtregn set kapasiteten i avlaupsnettet på prøve, seier avdelingsleiaren.

Det er difor viktig å planleggja for meir robuste system og vedlikehaldsrutinar som kan takla dei forventa klimaendringane. Det er også mogleg å førebyggja flaum ved å gjennomføra enkle tiltak når det vert varsla mykje nedbør.

For kommunen, utbyggjarar og konsulentar vil karta også vera eit viktig verktøy i den framtidige planlegginga og utbygginga. Det kan vera nødvendig å unngå utbygging i nokre område, eller innføra restriksjonar og/eller gjennomføra sikringstiltak på utbygging i nokre område.

Les meir her.

Klikk her for utsnittskart
Illustrasjonskart


Publisert: 24.04.2018 13:15
Sist endret: 24.04.2018 13:19