Facebook ikon Twitter logo Print side

Førebu søknad om støtte til gjennomført strandrydding!

I tidsrommet 1. september til 15. november er det mogleg å søkja Hold Norge Rent om støtte til rydding i strandsona. Allereie no kan det vera lurt å førebu søknad om støtte. Refusjonsordninga gjeld allereie gjennomførte ryddeaksjonar.

Illustrasjonsfoto
Foto: Caroline Christensen

I Fjell har det vore eit stort frivillig engasjement for rydding av strendene i fleire år, ikkje minst etter at ein kval vart funnen på Vindenes full av plast i magen i januar 2017.

Det er altså Hold Norge Rent (HNR) som administrerer refusjonsordninga for handtering av herrelaust marint avfall. Ordninga gjeld for avfall som er samla inn i tilknyting til frivillige ryddeaksjonar og vert finansiert av Miljødirektoratet.

- Mange frivillige har vore i aksjon, nytta eigne båtar og utstyr, dekt transport av frivillige til ryddestaden og transport av søppel til avfallsanlegg. Denne tilskotsordninga er til for desse eldsjelene, seier avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling i Fjell kommune, Hanna Gjesdal.

Nytt i 2017

Du kan søkja om refusjon for kostnader til transport og behandling av marint avfall. Nytt i år er at du også kan søkja om å få refundert kostnader for transport av frivillige til og frå ryddestaden. Søknadsskjema vert aktivert 1. september.

Tilskotsordninga gjeld ikkje dei som allereie har fått tilskot frå prosjekta til Miljødirektoratet. Oversyn over aktørane som det ikkje kan søkjast tilskot for, finn du her.

- Fjell VAR og Bergen og Omland Friluftsråd får allereie refusjon i prosjektet dei er del av, og hentar derfor gratis inn mykje avfall frå dei lokale aksjonane. Dermed er det kanskje ikkje så mange som har eigne utgifter, men dei som har hatt utgifter har altså høve til å søkja om refusjon, seier Gjesdal.

Kva treng ein for å søkja

  1. Avfallet skal vera marint avfall.
  2. Avfallet skal vera herrelaust.
  3. Oppryddinga av avfallet skal vera basert på frivillig innsats.
  4. Løn og administrative utgifter vert ikkje refundert.
  5. Ryddeaksjonane må registrerast i ryddeportalen til HNR: holdnorgerent.no/ryddeportalen.
  6. Ryddeaksjonane skal vera avslutta nå det vert søkt.
  7. Tal kilo/tonn innsamla avfall skal registrerast i ryddeportalen.
  8. Ei utgift kan ikkje søkjast refundert i meir enn i ein søknad.
  9. Utgiftene skal dokumenterast.

Les meir om ordninga på https://holdnorgerent.no/refusjonsordningen/

Ta kontakt med Hold Norge Rent dersom du har spørsmål på e-post refusjon@holdnorgerent.no eller telefon 905 69 619.

 


Publisert: 21.06.2018 09:12
Sist endret: 21.06.2018 09:19