Facebook ikon Twitter logo Print side

Førebur mellombels flytting for Skålevik-elevane

Som følgje av vedtaket i kommunestyret i desember om sanering av asbest på Skålevik skule, førebur skuleleiinga mellombels flytting av elevane frå hausten av.


Skålevik skule
Skålevik skule.

Foreldra og føresette på Skålevik og Ulveset skular har no fått informasjon om planlegging av arbeidet med flytting av elevane på Skålevik skule. Dette arbeidet vert gjort i samarbeid med foreldregruppa via samarbeidsutvalet og FAU. Ein vil koma tilbake med meir informasjon når det føreligg fleire avklaringar.

Skulekontoret ser no på korleis ein kan løysa eit vedtak om mellombels flytting på ein god måte for elevar og tilsette ved Skålevik skule. Flyttinga vil skje når Ulveset skule er klar til å ta imot elevane. Det er ikkje tidfesta kor lenge elevane kjem til å verta verande på Ulveset.

Samarbeid

Elevane får skyss med buss til og frå skulen. For å få nok plass, må Ulveset få tilført brakker.

- Leiinga på dei to skulane vil samarbeida tett for at perioden med sambruk skal verta så god som råd, og for å kunna gje elevane eit godt skuletilbod både fagleg og sosialt. Dette seier rektor på Skålevik skule, Bente Kleppe Lervik, og rektor på Ulveset skule, Solveig Ellingsen.

Det var i samband med budsjettet for 2018 at kommunestyret i desember vedtok at det skal setjast i gang arbeid med å sanere asbest på Skålevik skule og at dette vil innebera at elevar må flyttast til andre skular medan arbeidet er i gang. Det er Ulveset skule som då er alternativet for elevane på Skålevik skule. Det er ikkje kome forslag om at Skålevik skule skal leggjast ned, så det vert ikkje offentleg høyring på den praktiske løysinga ein vel for denne perioden.

I skrivet til foreldra og dei føresette skriv rektorane og skulesjefen at det ikkje er helsefarleg å bruka skulebygget på Skålevik slik det er no, men asbesten i bygningsmaterialet gjer det utfordrande med tanke på utbetring og vedlikehald. Dei 40 millionar kronene som er sette av til rehabilitering av skulen er tekne ut frå investeringsbudsjettet, fordi det blir behov for ei større ramme for eit meir omfattande prosjekt. Det er venta at det kjem ei eiga sak som omhandlar ombygging/renovering av skulen på eit seinare tidspunkt.


Foto: Vigleik Brekke


 


Publisert: 29.01.2018 15:00
Sist endret: 29.01.2018 09:20