Facebook ikon Twitter logo Print side

Foreldremobilisering mot mobbing

Godt over tusen foreldre frå Sund, Fjell og Øygarden troppa opp i Sotra Arena onsdag kveld for å få med seg Bruk Hue-foredrag og panelsamtalar om temaet var mobbing. I løpet av onsdag og torsdag samlast opp mot fem tusen elevar, foreldre og andre interesserte til storsamlingar og konferanse i «Saman mot mobbing».

Aleksander Solaat Rødland og Erik Hanøy.
Aleksander Solaat Rødland og Erik Hanøy.


Etter eit timelangt foredrag av Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue, var Marco Elsafadi klar til å leia tre panelsamtalar. Leiar for kommunalt foreldreutval, Tommy Fosse, var ein av paneldeltakarane.

- Det er fantastisk å bu i ein kommune som har sett dette på dagsorden, og eg er stolt over Trygg i Fjell-logoen. Det er vi som foreldre som har ansvar for barna våre. Vi kan ikkje springa frå ansvaret. Hugs at vi alle kan ha barn som utfører mobbing, og vi kan ha barn som vert mobba, sa Fosse.

Fairplay-koordinator og Trygg i Fjell-ansvarleg i Nordre Fjell idrettslag, Inger Anita Skogen, oppmoda foreldra til å engasjera seg i idretten og understreka at idretten treng foreldra for å førebyggja mobbing. Rektor på Fjell ungdomsskule, Anne-Merete Vabø Haugane, understreka at vi må starta med oss sjølv og forstå at vi er digitalt sukkeravhengig

Møte med mobbeoffer

Forsamlinga fekk også møte med Aleksander Solaat Rødland som vart mobba i 12 år på skulen. 21 år gamal fekk han diagnosen angst.

- Identifisér dei som mobbar. Mine råd for arbeidet mot mobbing er at det vert skapt tryggleik, aksept og inkludering, sa Solaat Rødland.

Mangeårig radiovert Erik Hanøy fortalde sin historie som mobbar og at han sjølv vart mobba.

- Alt handlar om å finna sin plass i hierarkiet. Snakk med barna, og snakk ikkje stygt om andre når barna høyrer på, sa Hanøy. Han minna om at smerten sit lenge hjå den som vert mobba.

Politioverbetjent Monica J. Mørk sa at dei vanlegaste sakene om nettmobbing handlar om jenter som har lagt ut bilete av seg sjølv med lite eller utan klede.

Frå venstre; André Baraldsnes (RKBU Vest og Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd), Mari-Kristine Morberg (mobbeombod i Hordaland fylkeskommune), Nelli Kongshaug (Leiar for "kors på halsen") og Monica Mørk (politioverbetjent).

Gode råd

Ole Roger Vestøyl frå Bruk Hue hadde eit engasjert innlegg som i stor grad var identisk med foredraget han hadde for elevane tidlegare på dagen. Han hadde fleire gode råd om nettbruk.
Han rår oss til å vera varsame med å gje opplysningar om oss sjølv på nettet og at vi hugsar å spørja om lov før det vert lagt ut bilete eller filmar av andre. Ikkje svar på sårande meldingar, men lagra meldingane og vis dei til vaksne. Aktuelle nettstader for gode råd om dette Slettmeg.no, Barnevakten.no og BrukHue.no.

Ordstyrar for panelsamtalane, Marco Elsafadi, runda av med å spissformulera seg slik:

- Masete og teite foreldre, er kule foreldre.

Frå venstre; Inger Anita Skogen, Jan Tommy Fosse, Anne-Merete Vabø Haugane og Marianne Callan Gjerstad (Rettleiingsteamet for barnehagar i Fjell og ein av prosjektleiarane i Trygg i Fjell.
Frå venstre; Inger Anita Skogen, Jan Tommy Fosse, Anne-Merete Vabø Haugane og Marianne Callan Gjerstad (Rettleiingsteamet for barnehagar i Fjell og ein av prosjektleiarane i Trygg i Fjell.


Her kan du lesa om arrangementa på dagtid (onsdag) der elevane fekk møta Ole Roger Vestøyl i Bruk Hue, Kjartan Eide frå Kjetil og Kjartans tips mot mobbing og Prebz i Prebz og Dennis.

I morgon er fagkonferanse der mellom anna kulturminister Torbjørn Røe Isaksen skal halda innlegg.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga onsdag kveld:

 

 

 

 

 


Publisert: 15.02.2017 21:59
Sist endret: 15.02.2017 22:20