Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår 320 millionar kroner til Sotrasambandet

Regjeringa føreslår i framlegget til statsbudsjett for 2020 å setja av 320 millionar kroner utanom OPS-kontrakten (OPS: Offentleg Privat Samarbeid). Ifølgje regjeringa startar arbeidet opp i 2020-2021. I framlegget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet går det fram at den nye kommunen får 2,14 milliardar kroner i frie inntekter i 2020.



I framlegget frå Samferdsledepartementet vert det vist til at før anleggsstart må ein flytta høgspentlinja med elektrisitetsforsyning til gassterminalen på Kollsnes i Øygarden. Flyttinga skal etter planen vera ferdig hausten 2020 og finansierast som riksveg. Det er lagt til grunn at utlysing av OPS-kontrakten skjer i løpet av 2019 og at anleggsarbeidet startar opp i 2020-2021.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at ho tek utgangspunkt i informasjon frå Statens vegvesen.

- Der får eg opplyst at utlysing av kontrakt vil skje i januar 2020. Det vil ta eitt år med anleggsutlysinga, og dermed vert det ikkje start av arbeidet med Sotrasambandet før 2022, seier ho.

To prosent vekst for den nye kommunen

I framlegget frå kommunal- og moderniseringsdepartementet går det fram at (Nye) Øygarden kommune får 2,14 milliardar kroner i frie inntekter (rammeoverføring og skatt). Rammeoverføringa er på 971 millionar kroner. Ifølgje Fylkesmannen i Vestland er den pårekna veksten frå rekneskapen i 2019 til 2020 på to prosent. Den frie veksten for kommunane samla i Vestland fylke er rekna til 2,2 prosent. Samla vekst for kommunane for landet frå 2019 til 2020 vert 1,3 milliardar kroner (2,2 prosent).

Vil overføra skatteinnrevjinga til staten

Regjeringa føreslår å overføra ansvaret skatteinnkrevjing frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni 2020. Difor er det lagt opp til å redusera rammetilskotet i 2020 med 644 millionar kroner (totalt). Dette inneber at skatteinnkrevinga, føring av skatterekneskapen og arbeidsgjevarkontrollen vert lagt til Skatteetaten og vert koordinert med tilstøtande og til dels overlappande oppgåver i Skatteetaten. Ifølgje Finansdepartementet vil Skatteetaten med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsettjng, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter..Det skal i utgangspunktet  nyttast 918 årsverk til oppgåva i Skatteetaten, 429 færre enn med dagens organisering (1 279 årsverk i kommunane og 68 årsverk i Skatteetaten). Les brev frå finansdepartementet her.

Meir informasjon om Sotrasambandet (kjelde: framlegg til statsbudsjett frå regjeringa):

Prosjektet er vedtatt delvis bompengefinansiert og med OPS som kontraktsform. Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts vei frå kryss med fv. 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fv. 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru på om lag 950 m med separat gang og sykkelveg. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet. Totalt er det planlagt å byggja om lag 14 km gang- og sykkelvegar, der 7,8 km vrt bygd som høystandard løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil dels gå saman med annan trafikk, dels på opprusta lokalveg og dels på separat bussveg/kollektivfelt. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

Her er framlegget frå samferdsledepartementet. 

Her er framlegget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lesa brev frå Fylkesmannen i Vestland som omtalar statsbudsjettet og kommuneopplegget.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Statens vegvesen

 

 


Sist endret: 07.10.2019