Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å auka ramma for startlån

Rådmannen går inn for at Fjell kommune aukar rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Formannskapet tek stilling til forslaget den 11. september.

Så langt i år har Fjell kommune betalt ut 42 millionar kroner i startlån. I tillegg har kommunen løyvd 31,5 millionar kroner som er bundne opp i aktive førehandsgodkjenningar. Pr. 23. august stod det igjen 3,5 millionar kroner til utlån. De er kome inn 129 søknader om startlån, og det er fatta 43 positive vedtak. 32 av vedtaka gjeld barnefamiliar.

I saksutreiinga skriv rådmannen at endringar i finansavtalelova har ført til ein stramare privat utlånsmarknad. Av den grunn er det kome inn mange søknader om fullfinansiering ved bruk av startlån. Rådmannen tilrår difor å auka rammene for startlån med inntil 20 millionar kroner for 2018.

Byvekstavtale

Det ligg føre sak med oppdatert informasjon om forhandlingane om byvekstavtale for bergensområdet og forslag til justering av referansegruppe. Det er tidlegare gjort vedtak om at heile formannskapet skal vera referansegruppe. Rådmannen føreslår at informasjonen om forhandlingane vert teken til orientering og at referansegruppa vert redusert til tre personar. Det er også føreslått at ordførarane i Sund og Øygarden får tilbod om å vera observatørar i forhandlingsmøta om byvekstavtale.

Gjeldande byvekstavtale vart inngått i 2017 og gjeld for perioden 2017 til 2023. Etter behandlinga av Nasjonal transportplan 2018-2029 skal det inngåast ny byvekstavtale. Samferdsledepartementet har invitert Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Lindås og Os til forhandling om byvekstavtale for bergensområdet.

Fjell kommune deltok på eit avklaringsmøte om byvekstavtalen den 24. august. Det er avklart at møta skal vera offentlege. Det er sett av 61 milliardar kroner til fordeling til dei ulike byvekstavtalane i landet. I møtet tok Fjell kommune opp fleire tema som målepunkt for nullvekst, regional pakke for kollektivtransport og om Sotrabrua er ein del av dei restriktive tiltaka for å nå nullvekstmålet.

Auka kontingent

Formannskapet skal også ta stilling til eit forslag om å auka kontingenten til HOG Energi for 2018 og 2019. Rådmannen føreslår å auka kontingenten frå 50 til 60 tusen kroner pr. år. Han føreslår at Fjell kommune ikkje tek stilling til vidareføring av medlemskapen i den re-etablerte organisasjonen Energi Vestland (tidl. HOG Energi), men overlét dette spørsmålet til Nye Øygarden kommune.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 06.09.2018 13:08
Sist endret: 06.09.2018 13:13