Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å auka satsen for eigedomsskatt

Formannskapet gjekk i dag inn for endra budsjettinnstillinga slik at satsen for eigedomsskatt vert auka frå to til tre promille. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak den 13. desember.

Tom Georg Indrevik i samtale med advokat Caroline Lund frå advokatfirmaet Lund & Co DA som orienterte om endringar i lovverket og konsekvensane av nye opplysningar knytt til taksering av eigedomsskatt.
Tom Georg Indrevik i samtale med advokat Caroline Lund frå advokatfirmaet Lund & Co DA som orienterte om endringar i lovverket og konsekvensane av nye opplysningar knytt til taksering av eigedomsskatt.

I framlegget til årsbudsjett for Fjell kommune i 2019 er det lagt til grunn ein sats på eigedomsskatt på to promille. Bakgrunnen for at formannskapet no endrar budsjettinnstillinga er at det i sist veke kom fram nye opplysningar om tolking av reglar om eigedomsskatt ved samanslåing av kommunar. Finansdepartementet seier at utgangspunktet for den nye eigedomsskattesatsen er skattesatsen som vart brukt i den mest folkerike kommunen året før samanslåinga. Tidlegare kunne satsen for eigedomsskatt aukast med to promille pr. år, men reglane er no endra slik at opptrappinga er avgrensa til eín promille årleg frå og med skatteåret 2019.

I utgreiinga til møtet på tysdag går det fram at endringane kan få store utslag for eigedomsskatteinntektene for Nye Øygarden kommune. Dersom Fjell kommune tilpassar dei nye reglane ved å auka satsen med eín promille, vil Nye Øygarden kommune oppnå maksimalsatsen på sju promille i 2024. Dette vil gje eit inntektsbortfall i 2022 på 24 millionar kroner. Dersom Fjell kommune held fast på to promille i 2019, vil inntektsbortfallet doblast til om lag 50 millionar kroner i 2022. Dersom korkje Fjell eller Nye Øygarden kommune gjer tilpassingar, vil inntektsbortfallet verta om lag 126 millionar kroner i 2022.

Konkret går formannskapet inn for å skriva ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkartverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum i 2019 med ein sats på tre promille av skattetakst vedteke i eigedomsskattetakstnemnda.

To andre alternativ følgjer også med budsjettsaka på høyring.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.11.2018 17:29
Sist endret: 27.11.2018 17:41