Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å byggja om demensavdeling

Rådmannen føreslår at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om frå 10 rom med ei seng til åtte større og meir moderne einsengsrom. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal behandla saka den 7. mai.

Skisse

Skisse. Rambøll Norge

Det er utarbeidd eit skisseprosjekt med ei kostnadsramme på 16,5 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Ved å gjera romma større enn i dag, utløyser det tilskot frå Husbanken på 55 prosent av anleggskostnadene (maksimal 1,8 millionar kroner pr. rom). Rådmannenskriv at  ombygginga krevjande som følgje av byggtekniske og tekniske fag i stor grad omfatta av tiltaket.  Tiltaket vil retta opp manglar knytt til brannsikring mellom tilbygg og Straume terapisenter og paviljongen.

Endring av inntaksområda

Etter ein høyringsrunde, føreslår rådmannen å endra inntaksområda for Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule. Det er endring i elevtalet som gjer dette nødvendig. Dersom KDF sluttar seg til forslaget, vil elevane i sjuande trinn på Knappskog skule gå på Fjell ungdomsskule når dei tek til i åttande trinn i august 2019. Inntaksområdet frå Tranevågen ungdomsskule vert tilsvarande endra, og vil frå hausten har elevar frå Landro, Skålevik, Ulveset og Ågotnes.

Som følgje av endring i busetnad og naturleg utvikling og at Liljevatnet skule vert lagd ned frå hausten av og elevane overførte til Brattholmen skule, føreslår rådmannen å endra inntaksområda for Hjelteryggen skule, Brattholmen skule, Foldnes skule, Kolltveit skule og Knappskog skule.

Endringane vert slik om KDF vedtek forslaget slik det ligg føre:

  • Frå skuleåret 2019 – 2020 vert inntaksområdet til Hjelteryggen skule auka med
    elevar frå Skulebakken, Blåsenborgvegen, Rennedalsvegen, Langebakken, Mustadbakken og Postvegen.
  • Frå skuleåret 2019 – 2020 vert inntaksområdet til Foldnes skule auka med elevar frå Gjertrudvegen, Haugen, Litlatræet, Bildøyvegen fram til austsida av gamle Bildøybrua og Sartorvegen.
  • Frå skuleåret 2019 – 2020 vert inntaksområdet til Brattholmen skule redusert tilsvarande.
  • Frå skuleåret 2019 – 2020 vert grensa i nord mellom Kolltveit- og Knappskog skular sett ved krysset Kolltveitvegen/Skjergardsvegen.

Endring av krinsgrensene for skuleåret 2019/2020 vil gjelda elevar frå nedlagde Liljevatnet skule som bur på adresser som no høyrer til Hjelteryggen skule, (Tona /Valen og alle adresser på Straumsfjellet høyrer til Brattholmen krins etter vedtak i kommunestyret 07.05.2018). Endringa gjeld også dei nye 1. klassingane som skal starta på Foldnes og Hjelteryggen skular.

Nedkjemping av barnefattigdom

Etter at kommunestyret i februar bad om ei eiga sak med utgreiing av ny tilskotsordning i Fjell kommune, legg rådmannen fram sak om kontingentordning som eit ledd i arbeidet mot barnefattigdom. Det ligg føre forslag om tilskotsordning og at ordninga vert finansiert med tilskotsmidlar som står på bundne fond avsett til dette formålet.

Målgruppe for tiltaket er barn og unge til og med vidaregåande skule. Lag og organisasjonar som gjev barn og unge høve til å delta i kultur, idrett og fritidsaktivitetar uavhengig av økonomien til hushaldet kan søkja om støtte. I 2019 er det sett av 500 tusen kroner til tilskotsordninga.

Andre saker i KDF den 7. mai

  • Søknad om skjenkeløyve for Baltor AS/Escape Sartor Storsente
  • TV-aksjonen 2019, oppretting av kommunekomité
  • Tilskot til materiell, utstyr og kompetanseheving 2019

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her finn du innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 01.05.2019