Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å byggja om Fjell sjukeheim

Rådmannen føreslår at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Saka vert behandla i komité for drift og forvaltning (KDF) den 4. juni.



Saka var til behandling i KDF i mai, men vart utsett i påvente av resultat av anbod. I skisseprosjektet som ligg føre, er det gjort nokre endringar for å redusera kostnadene. Prosjektet vil framleis omfatta bygging av 10 sengerom til åtte litt større sengerom tilpassa arealkrava til Husbanken. Ei planlagd ombygging i somatisk avdeling er teke ut av prosjektet, medan sikring av resten av sjukeheimen med nytt sprinkelsystem framleis litt inne i prosjektet.

Føreslår å dela ut 460 tusen kroner i kulturtilskot

Komitéen skal ta stilling til framlegg til tilskot i fem tilskotsordningar. Det gjeld trivselsmidlar, nærmiljøanlegg, privateigde kulturbygg/forsamlingshus, humanitære organisasjonar og prosjekt- og arrangementstilskot. Det ligg føre forslag om å tildela totalt 460 tusen kroner. I tillegg kjem tilskot på totalt 270 tusen kroner som allereie er tildelt administrativt til lag og organisasjonar, song, musikk/ andre for 2019.

Framleis ubalanse i økonomien

Årsresultatet for Fjell kommune for 2018 vart eit meir forbruk på 31,7 millionar kroner. Til møtet ligg det føre økonomirapport for 1. tertial 2019. Netto driftsresultat etter 1. kvartal var på om lag minus 20 millionar kroner. Etter 1. tertial (pr. 30.04.) er meirforbruket redusert til 17,2 millionar kroner. Meirforbruket er i hovudsak knytt til lønsområdetog skuldast mellom anna meir vikarbruk enn budsjettert. I tillegg er det venta at lønsoppgjeret for 2019 vil gå ut over rammene for budsjettert avsetning. I april sende rådmannen ut brev til alle tilsette om at det skulle gjennomførast innsparingstiltak. I mai vedtok formannskapet at det skulle innførast stillingsstopp i kommunen og strengar føringar for bruk av vikarar, innkjøp og investeringar.

Rådmannen tilrår at økonomirapporten vert teken til orientering. I tillegg går han inn for at kommunestyret vedtek å sletta 14 rentefrie og avdragsfrie lån til frivillige lag og organisasjonar. Rådmannen vurderer det slik at låna ikkje kan innfriast og at låna difor vert sletta. I rekneskapet vert dette gjort som ei nedskriving av anleggsmidlane og ført mot kapitalkontoen. Dermed vil ikkje slettinga av låna ha resultatverknad eller føra til reduksjon i eigenkapitalen til kommunen.

Andre saker i KDF den 4. juni

  • Høyringsframlegg: Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022
  • Trafikksikring mellom Straume sentrum og Sotra Arena
  • Høyringsuttale - forslag til endringar i barnehagelova - ny regulering av private barnehagar
  • Tingingar 2019, unnateke offentlegheit

Det vert orienteringar om ungdommens kommunestyre, status knytt til avvik og lukking i tilsynsrapport for pedagogisk psykologisk teneste og status knytt til bårerom.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 30.05.2019