Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å etablera 134 ladepunkt for el-bil

Rådmannen går inn for at det vert etablert ein ladestruktur for el-bil på kommunale parkeringsområde. Totalt vert det føreslått å leggja til rette for 134 nye ladepunkt.

Frå opninga av ladestasjon på Straume i juli 2015.
Frå opninga av ladestasjon på Straume i juli 2015.

I dag har Fjell kommune om lag 60 tenestebilar fordelt på 20 tenesteområde/tenestestader. Rådmannen skriv i saksutgreiinga framfor møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) den 5. desember at han ser det som nødvendig å leggja til rette for at både dei kommunale einingane, tilsette og innbyggjarar i kommunen skal kunna nytta el-bil. I saka er det lagt opp til ein plan for å etablera ladepunkt på alle dei kommunale parkeringsområda i kommunen.

I budsjettframlegget (investering) frå rådmannen er det sett av fire millionar kroner til ladestasjonar ved kommunale bygg. Det er difor teke atterhald om kommunestyret si godkjenning av investeringsprogrammet 2018-2021 i budsjettmøtet den 14. desember.

Ny ungdomsklubb på Ågotnes

Til møtet i KDF ligg det også forslag om å oppretta ny ungdomsklubb i den gamle helsestasjonen på Ågotnes. Drifta av aktivitetane skal organiserast som ein frivilligsentral for ungdom. I forslag til vedtak i saka, som handlar om driftsmodell for Frivillighuset på Ågotnes, heiter det også at det skal i størst mogleg grad leggjast til rette for at aktivitetane i frivillighuset skal verta drive av frivillige, lag og organisasjonar. Fjell kommune er tidlet 365 tusen kroner i støtte frå Kulturdepartementet i etableringsstøtte for ny frivilligsentral i den gamle helsestasjonen. Summen er innarbeidd idet startlege rammetilskotet til Fjell kommune.

Budsjettet for 2018

Kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021, årsbudsjettet for 2018 og økonomiplanen 2018-2021 står også på sakskartet. Desse tre dokumenta med endringsframlegg har lege ute til offentleg ettersyn. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret den 14. desember.

Andre saker i KDF den 5. desember

  • Årleg rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, søknader om spelemidlar for tildelingsåret 2018.
  • Ny behandling; forskottering og lån til rehabilitering av 11'arbane på Skålvik.
  • Debatthefte KS, hovudtariffoppgjeret 2018.
  • Temaplan for avfall 2017-2025. Sluttbehandling.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brfekke
Foto: BKK


Publisert: 29.11.2017 13:02
Sist endret: 29.11.2017 13:13