Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å gje klarsignal for å utvida gravplass på Landro

Rådmannen går inn for å godkjenna kostnadsramma på 24 millionar kroner eksklusive meirverdivgift for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Komité for drift og forvaltning skal behandla saka på møtet den 18. september gje innstilling til kommunestyret.

Ill.
Ill.: Rambøll Norge

Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver. Frå avkøyringa til kyrkja og langs gravplassen vert det etablert gangfelt i samsvar med reguleringsplanen. I investeringsprogrammet for 2018-2021 er det sett av 24 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift til utviding av gravplassen.

I utgreiinga skriv rådmannen at den nye gravplassen vil stå fram som eit parkanlegg med gode kvalitetar som fast dekke på gangvegar, sitjebenker, lys, vasspostar, planter og murar i naturstein. Anlegget vert lagt tilrette for universell tilkomst.

Andre saker i KDF den 18. september

  • Økonomirapport pr. 31. august
  • Sluttbehandling av handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020
  • Retningslinjer for tilskot til nærings- og miljøtiltak for skogbruk
  • Tilstandsrapport for grunnskulen for skuleåret 2017/2018
  • Godjenning av avtale med Syltøy grendalag om overtaking av gymnastikksalen vedtidlegare Syltøy skule
  • Båtrute Knappskog-Geitanger
  • Sluttrapport Basecamp og vurdering av økonomisk støtte til drift av Basecamp RePro og
    ReDesi.
  • Statusrapport og vurdering av vidare økonomisk støtte til Home-start Familekontakten

Møtet vert halde i Fjell rådhus, komitésalen, og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 11.09.2018 22:53
Sist endret: 11.09.2018 23:04