Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å gjera Liljevatnet skule om til barnehage

Rådmannen føreslår at Liljevatnet skule vert omgjort til barnehage som kan ta imot 130 barn. Kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter. Komité for drift og forvaltning behandlar saka tysdag den 2. april.

Liljevatnet skule
Liljevatnet skule

Det er mangel på barnehageplassar i Fjell kommune. For å oppfylla rettane folk har for å få  barnehageplass og at Fjell kommune skal vera attraktiv for barnefamiliar, føreslår rådmannen å auka kapasiteten på barnehageplassar ved å gjera Liljevatnet skule om til barnehage. Frå hausten av skal elevane på Liljevatnet gå på Brattholmen skule.

Kostnaden med ombygging er rekna til 12,5-13 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Dette vil gje rom for 130 barnehageplassar. Det er også føreslått at Svingen barnehage vert ei avdeling under Liljevatnet barnehage og avvikla i løpet av to år.

Rådemannen har lagt inn tilrettelegging av 25 parkeringsplassar som «parker og køyr». Dette kan stimulera til at foreldre vel Liljevatnet som barnehage og tek buss vidare etter å ha levert barna i barnehagen.

Konkret går rådmannen inn for at rådmannen får fullmakt til å setja i gang arbeidet med å prosjektera og utføra tiltak som er lista opp i saksutgreiinga. Kommunestyret avgjer saka. 

Andre saker i komité for drift

  • Orienteringssak om status på tiltak knytt til nedkjemping av barnefattigdom
  • Tellnes skule, etterbruk, 3. gongs handsaming
  • Framlegg til endring av forskrift om inntaksområda for barneskulane på Litlesotra
  • Framlegg til endring i inntaksområda mellom ungdomsskulane
  • Fordeling av investeringsmidlar til kaiar 2019
  • Fordeling av investeringsmidlar til vegutbetring 2019
  • Fordeling av investeringsmidlar til trafikksikring 2019
  • Nytt kommunalteknisk anlegg i Brattholmen
  • Fordeling av investeringsmidlar til standardheving og rehabilitering bygg 2019

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Møtet startar med informasjon om økonomisk status ved rådmann Steinar Nesse.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Sist endret: 26.03.2019