Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å kjøpa aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark

Rådmannen går inn for at Fjell kommune kjøper aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS. Det er inngått ein intensjonsavtale om kjøp av aksjane under føresetnad av godkjenning i kommunestyret.

Blå linje viser området eigd av Ågotnes Næringspark. Foto: Ågotnes Næringspark.
Blå linje viser området eigd av Ågotnes Næringspark. Foto: Ågotnes Næringspark.

Saka ligg til behandling i formannskapet den 7. februar. Dersom kommunestyret sluttar seg til forslaget, vil Fjell kommune ha ein eigardel i Ågotnes Næringspark AS på 21,1 prosent. Dersom ikkje det vert utbetalt utbytte frå selskapet, vert eigardelen 18,2 prosent. Det vert lagt til grunn at kommunen vert representert i styret for selskapet.

For kort tid sidan kjøpte KS CCB seg opp i Ågotnes Næringspark og eig no 100 prosent av aksjane. Næringsparken eig i dag to område på Ågotnes (sjå bilete), og det totale tomtearealet er på om lag 170 dekar. I 2014 kjøpte selskapet om lag 200 dekar frå Fjell kommune for 82 millionar kroner. Næringsparken ønskjer no ei reforhandling av vilkåret for betaling av kjøpesummen.

I 2016 gjekk byrådet i Bergen inn for at Ågotnes skal vera ny lokalisering av Bergen Hamn. I vurderinga skriv rådmannen at kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark vil gje politisk påverknad over den vidare utviklinga i Ågotnes-området både når det gjeld framtidig hamn og potensiale for anna framtidig næringsutvikling.

Rådmannen føreslår at kjøpet vert finansert ved bruk av ubundne kapitalfond.

Andre saker i formannskapet den 7. februar

  • Prosjekt kommune-ROS for Fjell, Sund og Øygarden
  • Høyringsuttale til «Byutredning for Bergen»
  • Konstituering av rådmann
  • Høyringsuttale om forslag til endringar i vallova og valforskrifta

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling og saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 31.01.2018 13:21
Sist endret: 31.01.2018 13:26