Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å kjøpa Vestnytt-bygget

Rådmannen føreslår at Fjell kommune kjøper kontorbygget til Vestnytt på Skjenet 2 for 15 millionar kroner. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet gje innstilling i saka.

Vestnyttbygget
Vestnytt-bygget

Det er Vestnytt som har teke kontakt med kommunen med spørsmål om det kan vera aktuelt for kommunen å kjøpa bygget. Rådmannen vurderer innspelet som interessant sidan kommunen manglar kontorplassar. Han meiner også at plasseringa av bygget er sentral når det gjeld avstand til rådhuset, tenestene i Straume helsesenter og kommunikasjons- og tenestetilbod på Sartor Storsenter. Ein tilstandsrapport viser at det er behov for 1,5 millionar kroner til vedlikehald og nødvendige utbetringar. Det samsvarar i stor grad med Eigedomssjefen som har kalkulert vedlikehald og utbetringar til to millionar kroner. I tillegg må ein rekna med 750 tusen kroner til installasjon av heis i bygget. Rådmannen føreslår å finansiera kjøpet med låneopptak. Etter innstilling i komitéen går saka til endeleg behandling i kommunestyret.

Planlegg turnhall på Straume

Sotra Sportsklubb planlegg å byggja ein turnhall med parkeringsgarasje knytt til Sotra Arena. Turnhallen har ei samla grunnflate på 2 220 kvadratmeter og er kostnadsrekna til 65 millionar kroner. I tillegg kjem innreiing, utomhusarbeid og etablering av seks nye banar for femmarfotball på restarealet på Sartorbanen. Hovuddelen skal finansierast med midlar frå
Trond Mohn.

Turnhallen er plassert delvis onn på parkeringsplassen til Sotra Arena i nord, og ein tredel av grunnflata ligg på eigedomen til Fjell kommune, medan resten av grunnflata ligg på Straume Idrettspark AS. Rådmannen føreslår at Fjell kommune overfører den aktuelle delen av grunnflata frå Fjell kommune til Straume Idrettspark. Utbygginga vil føra til bortfall av 25 merkte kommunale parkeringsplassar og oppstillingsplass for ytterlegare 20-25 bilar ved store arrangement. Til erstatning har Sotra Sportsklubb sett av 25 parkeringsplassar til disposisjon for Fjell kommune på det planlagte parkerkingsarealet nordvest for turnhallen.

Andre saker i komité for drift og forvaltning den 4. april

  • Organisering av Fjell frivilligsentral
    Rådmannen føreslår at frivilligsentralen med verknad frå 1. mai vert organisert som ei ordinær kommunal eining der dagleg leiar rapporterer til rådmannen v/ Servicetorgsjefen.
  • TV-aksjonen 2017, oppnemning av kommunekomité
  • Forskrift om kriterium for tildeling av langtidsopphald i institusjon eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns teneste

Før behandlinga av sakene tek til, vert det orientering om tiltaket «Inn på tunet» på Fjell gard, demenslandsby på Ågotnes og økonomisk status.

Møtet tek til klokka 16.00 og vert halde på Steffi Støvo, Fjell gard.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Den 4. april er det også møte i komité for plan og utvikling.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Estima Vest

 

 


Publisert: 29.03.2017 13:49
Sist endret: 29.03.2017 14:04