Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å kopla saman vassleidning med Bergen

Rådmannen går inn for at det vert lagt ned ny vassleidning i samband med bygging av ny sotrabru. Saka vert lagt fram for behandling i formannskapet den 4. oktober.

Det vvert førslått å leggja ny forsyningsleidning via ny sotrabru.
Det vert førslått å leggja ny forsyningsleidning via ny sotrabru.

FjellVAR har allereie starta opp eit arbeid med framføring av vassleidning til Kallestad og Trengereid med planlagt fullføring i 2017/2018. Dersom Fjell kommune inngår eit samarbeid med Bergen kommune om gjensidig reservevassløysing, kan bygging av nytt hovudvassverk i Kørelen utsetjast noko. Det ligg til grunn at framføring av leidningar sørover vert bygde samstundes med ny hovudveg mot Sund kommune. Rådmannen meiner difor at eit samarbeid med Bergen kommune er ei god løysing for å sikra god vassforsyningstryggleik i kommunen.

Ein ny forsyningsleidning i den nye brua er kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Det er lagt til grunn at kostnaden kan delast likt mellom Fjell og Bergen kommunar. Løysinga inneber også oppgradering av «flaskehalsar» i Fjell. Dette er rekna til seks millionar kroner ekskl. mva.

Rådmannen har også utgreidd moglege tilleggsutbetringar, ein innanfor ei ramme på 26 millionar kroner og ei løysing innanfor ei ramme på 45 millionar kroner ekskl. mva. Den siste løysinga inneber at det vert lagt ned vassleidning i samband med bygging av gang- og sykkelveg over Bildøyna. Saka skal avgjerast av kommunestyret.

Det ligg også ei sak om start av rullering av kommunedelplan for Straume.

Møtet tek til klokka 15.00 og vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/illustrasjon: Tor Sponga, Bergens Tidende


Publisert: 28.09.2017 09:48
Sist endret: 28.09.2017 09:56