Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å leggja plan for Skorafjellet på høyring

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Skorafjellet barnehage, Kolltveit, vert lagt ut til offentleg høyring. Komité for plan og utvikling skal behandla saka på møtet den 19. september.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.
Planområdet er markert med stipla linje. Foto: Opus Bergen.

Planområdet er på om lag 13 dekar. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for å flytta regulert barnehage og regulera småhusbusetnad med tre einingar. Det er planlagt å flytta barnehagen mot vest. Dette gjev tilkomst via offentleg veg. Rådmannen meiner at justering av plasseringa av barnhagetomta vil vera positivt for både barnehagen og det tilgrensa bustadområdet.

Komiteen skal fire klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 13.09.2017 15:40
Sist endret: 13.09.2017 15:44