Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å løyva 400 tusen til moglegheitsstudie for havbruksnæringa

Rådmannen føreslår at Fjell kommune løyver 400 tusen kroner til ein moglegheitsstudie for å sikra berekraftig havrom i Nye Øygarden kommune. Kommunestyret skal behandla saka på møtet den 27. september.

Ill.

Nærings- og fiskeridepartementet har delt norskekysten inn i 13 område når det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Sonene er delt inn i fargar, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet, mellom anna utfordringar med lakselus.

I dei områda som har fått grønt lys, er det grunnlag for auka kapasitet. For områda med raudt lys, kan kapasiteten verta redusert om det ikkje vert gjennomført tiltak i løpet av dei to neste åra. Regionrådet har hatt dialog med havbruksnæringa og Hordland fylkeskommune for å drøfta kva tiltak som kan gjennomførast for å koma ut av raud sone. På bakgrunn av dette har regionrådet vedteke å leggja fram sak for kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden om å få utarbeidd og finansiert ei skisse til moglegheitsstudie.

Studien er kostnadsrekna til 1,25 millionar kroner, og i saka som går til behandling i dei tre kommunane, vert det innstilt på at studien vert finansiert med midlar frå Havbruksfondet. Dei tre kommunane får i oktober i år utbetalt vel 41 millionar kroner frå dette fondet. Det er føreslått at Sund og Fjell løyver 400 tusen kroner kvar, medan Øygarden kommune løyver 450 tusen kroner. På bakgrunn av at Øygarden får utbetalt det største beløpet frå fondet, er det innstilt på at Øygarden kommune dekkjer litt større del av kostnaden enn dei to andre kommunane.

Andre saker i kommunestyret den 27. september

  • Detaljregulering for Heimtun, Straume, sluttbehandling
  • Detaljregulering for Straumsfjellet, Straume, sluttbehandling
  • Landro gravplass, utviding gravplass og etablering av fortau
  • Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020, sluttbehandling
  • Økonomirapport pr. 2. tertial 2018Kommunal garanti for lån, FjellVAR AS
  • Startlån, søknad om ekstramidlar for utlån 2018
  • Prosjekt mogelegheitsstudie for å sikra berekraftig havrom i Nye Øygarden kommune
  • Søknad om fritak frå politisk verv i komité for drift og forvaltning (KDF), nyval
  • Val av medlemer til styret i Fjell bustadstifting, 2. gongs behandling

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 20.09.2018 09:53
Sist endret: 20.09.2018 09:58