Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å utvikla Ågotnes idrettspark

Rådmannen går inn for å gjennomføra fleire tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Formannskapet skal gje innstilling i saka den 7. november.

Ågotnes idrettsanlegg
Ågotnes idrettsanlegg

Saka er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i 2017 der rådmannen vert beden om å fremja ei sak om utvikling av idrettsanlegget. Det er føreslått å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksiseterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering.

Dersom innstillinga vert vedteken til slutt av kommunestyret, skal det prosjekterast og oppførast eit garderobebygg. Trafikktryggleiken ved anlegget skal utbetrast ved tydeleg skilting og bom. Forslaget inneber at rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Nordre Fjell Allianse IL når det gjeld fordeling av drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved anlegget. Fjell kommune er føreslått som byggherre for tiltaka.

Budsjett for 2019

Formannskapet skal også behandla handlingsplanen til kommuneplanen 2019-2022, årsbudsjettet 2019 og økonomiplanen 2019-2022. I rådmannen sitt framlegg går det fram at driftsbudsjettet har ei ramme på 1,87 milliardar kroner og eit mindreforbruk (underskot) på fem millionar kroner. Det er føreslått at dei fleste eigenbetalingar og satsar aukar med 2,8 prosent neste år. Vassavgifta er føreslått redusert med fem prosent, medan avlaupsavgifta vert uendra. Renovasjonsavgifta er føreslått auka med fire prosent. Framlegget til investeringsprogram viser ei brutto investering i 2019 på 238 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter.

KDF behandla saka på tysdag denne veka, og i saka følgjer endringsframlegg frå Arbeidarpartiet, Høgre og KrF.

Finansiering av 110-sentral for 2018

Fjell kommune har motteke ein faktura frå Øygarden brann og redning på om lag eín million kroner som gjeld kostnader til 110-sentralen som er organisert i eit interkommunalt samarbeid med Bergen kommune som vert. Rådmannen legg fram to alternative forslag til vedtak. Det eine er at heile beløpet vert dekt av Øygarden brann og redning og at kostnaden til å finansiera tiltaket er inkludert i tilskotet frå Fjell kommune. Det andre alternativet er at kommunen gjev eit ekstra tilskot på 500 tusen kroner og dermed dekkjer halvparten av kostnaden. Tilskotet er i dette alternativet føreslått dekt ved bruk av disposisjonsfond.

Andre saker i formannskapet den 7. november

  • Finansiering av rundkøyring fv 209 ved Kystbygarasjen
  • Finansiering av vidare drift av Gründerparken Vest
  • Val av politisk representant til ungdommens kommunestyre ut denne valperioden

Før behandlinga av sakene, vert det orientering om arbeidet med overordna planlegging på Straume og byvekstavtale.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst:Vigleik Brekke
Foto: Arne Monsen

 


Publisert: 31.10.2018 22:30
Sist endret: 31.10.2018 22:36