Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å utvikla idrettsanlegget på Ågotnes

Rådmannen går inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak for å utvikla Ågotnes idrettspark. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal behandla ei sak om dette på møtet den 6. juni.

Ågotnes idrettsanlegg
Ågotnes idrettsanlegg

I samarbeid med Nordre Fjell Allianse IL har Fjell kommune utarbeidd forslag til tiltak som vil betra kapasiteten på idrettsanlegget om som kan realiserast på kort tid utan reguleringsendring. I den første fasen er det forslag om å oppføra 9'arbane, 7'arbane, friplass på grusbana og oppgradering av lysanlegget der. Vidare er det forslag om å laga til leikepark og trimpark aust for grusbana, garderobebygg to stader, rehabilitering av naturgrasbana og nytt dekke på friidrettsbana. Det er også forslag om andre tiltak på seinare tidspunkt.

Dei totale kostnadene vil på kort sikt verta om lag 16 millionar kroner. Det er lagt til grunn vesentleg bidrag med dugnadsinnsats. Det ligg altså føre konkrete forslag til tiltak i saka, men rådmannen føreslår å koma tilbake til ny sak i formannskapet og kommunestyret med framlegg til finansiering.

Spelemidlar til turnhall på Straume

Rådmannen går inn for at Sotra Sportsklubb får inntil 12 millionar kroner i forskotering av spelemidlar til oppføring av turnhall i Straume Idrettspark. Totalkostnadene for turnhallen er rekna til 73 millionar kroner. Over halvparten av investeringa vert finansiert med midlar frå Trond Mohn.

Etterbruk av Ekerhovd skule

Til møtet i KDF ligg det føre forslag om at gymnastikksalen med garderobe, dusjanlegg og kjøken på nedlagte Ekerhovd skule vert overført vederlagsfritt (kr. 1,-) til Kobbeleia grendalag. Ballbingen på skuletomta vert flytta til området ved gymnastikksalen. Rådmannen føreslår at resten av området vert omregulert til bustadføremål. Skulebygga vert rivne, og eigedomen vert seld på den opne marknaden. Dersom Kobbeleie grendalag overtek gymnastikksalen, føreslår rådmannen at bygget vert rive og at også dette området vert omregulert og selt på den opne marknaden.

Tilskot til kulturformål

Til møtet ligg det forslag om fordeling av totalt 668 700 kroner til lag, organisasjonar, arrangement, kulturbygg, trivselsmidlar, kulturvern o.l. På delegert fullmakt har rådmannen allereie fordelt vel 492 tusen kroner til driftstilskot til lag og organisasjonar, private idrettsanlegg og oppstartstilskot. Desse tildelingane er gjennomførte på grunnlag av føringar i kommunestyrevedtak, årsbudsjett og gjeldande retningslinjer.

Andre saker i komité for drift og forvaltning den 6. juni

  • Økonomirapport pr. 1.tertial 2017
  • Framtidas demensomsorg
  • Serviceerklæringar innan omsorg
  • Frivillig innsats for eldre
  • Oppstartssak om betre samordning mellom tenester i høve til å avdekkje og hjelpebarn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar
  • Orienteringssak om løysingar for busetting, integrering og sysselsetting av
    flyktningar i fjellsamfunnet, politiske prioriteringar og busetjing av flyktningar i 2017
  • Vurdering av skulevegen frå Grunnavågen - Foldneskrysset til Foldnes skule
  • Temaplan for avfall 2015-2025. Høyringsframlegg, 1. gongs behandling.
  • Sjukelønnsforsikring til ordførar og varaordførar
  • Søknad om skjenkeløyve for Fusion Mat AS/Ruccola Cafe & Restaurant -
    Sartor Storsenter
  • Val av kandidatar til styret i Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak

 

På grunn av stor saksmengde tek møtet til klokka 13.00. Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Publisert: 01.06.2017 10:29
Sist endret: 01.06.2017 10:39