Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår å venta med handel på Smålonane på Straume

I eit framlegg til uttale om søknad om samtykke til handelsareal, vil ikkje rådmannen no rå til ei utvikling der det vert lagt til rette for detaljvarehandel og volumbasert varehandel på Smålonane på Straume. I framlegget til uttale går det fram at konsekvensane av eit slikt samtykke må vurderast i overordna plan.

Illustrasjon; Sweco

Smålonane ligg i randsona til Straume senter om lag 800 meter i luftlinje søraust frå kollektivknutepunktet.

I framlegget til uttale heiter det også at konsekvensane av denne etableringa er usikre for den vidare utviklinga av regionsenteret og måloppnåinga i kommunedelplan for Straume. Elles har ikkje rådmannen merknader til at det vert lagt til rette for plasskrevjande varehandel. Formannskapet behandlar søknaden på møtet den 4. april.

Regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel set krav om samtykke ved planlegging av nytt/utviding av handelsareal til detaljvarer, der samla bruksareal overstig tre tusen kvadratmeter. Slikt samtykke skal gjevast av Fylkeskommunen etter høyring hjå Fylkesmannen. Kommunen skal gje uttale til søknaden i samband med oversendinga til fylkeskommunen. Det er fylkesutvalet som tek endeleg avgjerd.

Reguleringsplanen skal behandlast av komité for plan og utvikling den 3. april. Reguleringsplanen legg til rette for tiltaket det vert søkt om samtykke til. Det er ønskjeleg å etablera eit handelsareal på 19 000 kvadratmeter fordelt på fire bygningar, som vil innehalda om lag tre til sju handelsbedrifter. Om lag 15 tusen kvadratmeter er tenkt nytta til plasskrevjande varehandel, medan fire tusen kvadratmeter er sett av til detaljhandel.

Før behandlinga av saka, vert det informasjon om trafikksituasjonen på riksveg 555 og orientering om søknaden om samtykke til handelsareal utover tre tusen kvadratmeter.

Møtet tek til klokka 15.00 og vert halde i komitésalen i Fjell rådhus.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 26.03.2018 23:30
Sist endret: 26.03.2018 23:34