Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår at Fjell tek imot 35 flyktningar

Rådmannen går inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige som kjem til landet utan føresette. Komité for drift og forvaltning (KDF) behandlar saka på møtet den 5. februar.

 Lekshjelp til flyktningar i regi av Way Forward

Lekshjelp til flyktningar i regi av Way Forward

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt Fjell kommune om å ta imot 35 flyktningar dette året. I brevet som kommunen fekk i desember, går det fram at det er venta at Noreg vil ta imot 5 350 flyktningar neste år, inkludert 150 einslege mindreårige.

Fjell kommune har teke imot 280 flyktningar i perioden 2014 til 2018, og av desse har 16 hatt status som mindreårige. Rådmannen meiner at busetjing av 35 flyktningar i 2019 ligg innanfor det Fjell kommune kan ta imot. Kommunen har i 2019 delvis lagt om tilbodet retta mot einslege mindreårige som følgje av at fleire av dei som er komne tidlegare har vorte eldre og meir sjølvstendige. Etter omlegginga vil det ifølgje rådmannen vera rom for å busetja tre einslege mindreårige flyktningar slik IMDI ber om.

Andre saker i KDF den 5. februar

  • Oversikt over sals- og skjenkeløyve i Fjell kommune og gjennomførte kontrollar i 2018
  • Nasjonal tilskotsordning om inkludering av barn i låginntektsfamiliar, prioritering av søknader
  • Behandling av prisar for året 2018
  • Val av delegatar til årsmøte og konferanse i Norsk kulturskuleråd, Hordaland og Sogn & Fjordane 21.- 22.mars

Før behandlinga av saker tek til vert det omvising på Lyngheia fellesskap på Straume (klokka 16.00).

Frå om lag klokka 16.30 vert det gjeve status for tiltak mot rus blant ungdom under 18 år. Det vert også gjeve informasjon frå barnevernet knytt til to landsdekkjande rapportar.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Espenes Kiwanuka


Sist endret: 29.01.2019