Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår at saker om skulenedlegging vert sendt ut på høyring

Rådmannen føreslår at saker om nedlegging av Liljevatnet skule og Tellnes skule vert sendt ut på høyring i seks veker. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 6. mars behandla dei to sakene.

Liljevatnet skule (til venstre) og Tellnes skule
Liljevatnet skule (til venstre) og Tellnes skule

I første omgang skal altså komitéen ta stilling til om sakene skal sendast ut på høyring. Etter at høyringsfristen er ute den 17. april, kjem saka tilbake til komitéen. KDF gjev innstilling til kommunestyret som tek endeleg avgjerd.

Bakgrunnen for desse to sakene er vedtak i kommunestyret den 14. desember i 2017 og den 22. februar i år. På det siste kommunestyret vart det vedteke å tilrå at skuledrifta på Liljevatnet skule vert lagt ned frå 31. juli 2019, medan det vart rådd til at Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31. juli 2018. Saka omhandlar også nytt skuletilbod til elevane og etterbruk av skulebygningane.

I saksutgreiinga går det fram at nettoinnsparinga ved å leggja ned Liljevatnet skule vil variera ut frå kva løysing som vart valt når det gjeld skuletilbodet til elevane. Ved å la elevane få undervisninga på Brattholmen skule, vert innsparinga 5,2 millionar kroner i 2019 og 11.4 millionar kroner frå 2020 (heilårsverknad). Dersom ein del av elevane går på Brattholmen skule og resten går på Hjelteryggen skule, vert innsparinga 1,6 millionar kroner i 2019 og 3,5 millionar kroner i 2020. Rådmannen føreslår at Fjell kulturskule held fram i lokala på Liljevatnet skule. Bygget kan også nyttast til andre kommunale tenester, til dømes barnehage.

Ei eventuell nedlegging av Tellnes skule vil ifølgje rådmannen gje ei innsparing på 3.5 millionar kroner i 2018 og 7,7 millionar kroner i 2019 dersom alle elevane i Tellnes-krinsen vert overflytta til Ulveset skule. Dersom om lag halvparten av elevane vert flytta til Skogsvåg skule og resten av elevane går på Ulveset skule, vil innsparinga verta om lag 2,6 millionar kroner i 2018 og 5,8 millionar kroner frå 2019.

Før behandling av sakene, vert det orientering om rapport v/ Norconsult (sakene om nedlegging av Liljevatnet skule og Tellnes skule, høyring), prosjektet PitStop 24/7, Basecamp og Lyngheia bufellesskap. KDF skal også som styringsgruppe drøfta og gje innspel til tiltak til «Handlingsplan for energi, miljø og klima».

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00 (orienteringar),

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.02.2018 23:12
Sist endret: 27.02.2018 23:17