Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår forbod mot fyrverkeri

Rådmannen presenterer forslag til lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri.



Saka ligg på bordet til formannskapet den 8. november. I framlegget til forskrift står det at forskrifta regulerer all bruk av fyrverkeri innanfor oppgjevne område på privat og offentleg stad. Formålet med forskrifta er å førebyggja risikoen for skade på liv, helse, miljø eller materielle verdiar.

Rådmannen skriv i vurderinga at eit offentleg fyrverkeri på Straume ved Sartor Storsenter vil vera eit godt alternativ til privat oppskyting av rakettar i dette området. Dette kan finansierast som eit spleiselag mellom næringslivet og Fjell kommune.

Budsjett 2018

Formannskapet skal også behandla budsjettet for 2018, økonomiplan og kommuneplanen sin handlingsdel. I innkallings- og saksdokument kan du gjera deg kjent med forslaga som vart presentert i komité for drift og forvaltning den 31. oktober.

Før behandlinga av sakene, vert det orientering om status for Fjell festning.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.


Publisert: 02.11.2017 15:41
Sist endret: 02.11.2017 15:52