Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår handheving av skilta parkeringsplassar

Rådmannen går inn for at kommunen fullfører skilting og handhever skilta parkeringsplassar ved Fjell rådhus og helselandsbyen på Straume. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal den 29. august ta stilling til dette etter at det er gjennomført ei kartlegging av parkeringssituasjonen i desse områda.

Tid tider er det vanskeleg å finna ledig parkeringsplass ved Fjell rådhus.
Til tider er det vanskeleg å finna ledig parkeringsplass ved Fjell rådhus.

Saka vert lagt fram som ei oppfølging av kommunestyrevedtaket om kommuneplanen sin handlingsdel i desember. I tillegg til handheving av skilting av parkeringsplassar vert det føreslått å visa deltakarar på arrangement i kultursalen på dagtid å nytta parkeringsplassar i Kystbygarasjen på Straume og nytta kollektivtransport. Vidare er det aktuelt å setja i gang ein haldningskampanje retta mot kommunalt tilsette på rådhuset og i helselandsbyen for å redusera bruk av bil til og frå arbeid.

Rådmannen har også vurdert å innføra avgiftsparkering ved helselandsbyen og Fjell rådhus på linje med praksis i Kystbygarasjen og området i Straume sentrum. Ei slik ordning vil medføra investeringskostnader på minst 500 tusen kroner og årlege driftskostnader på om lag 400 tusen kroner. Han konkluderer med at spørsmålet om parkeringsavgift bør sjåast i ein større samanheng og utgreiast i samband med framtidige planar. Saka vert endeleg avgjord i kommunestyret.

Føreslår å oppheva vedtak om søskenmoderasjon

Rådmannen føreslår at eit tidlegare vedtak om endring av SFO-vedtektene vert oppheva. I februar vart det vedteke å innarbeida eit punkt om søskenmoderasjon på tvers av SFO og barnehage. Ein gjennomgang av dei økonomiske konsekvensane av vedtektsendringa er ein årleg ekstrakostnad på 1,5 millionar kroner. Rådmannen viser til den økonomiske situasjonen for Fjell kommune og føreslår å oppheva vedtakspunktet om å søskenmoderasjon på tvers av SFO og barnehage.

Søknader om støtte

I samband med to saker om tilskot, er det er føreslått å løyva 122 tusen kroner til nærmiljøanlegg og 107 300 kroner til Fjell kystlag for dekkja kostnader knytt til Sykkel-VM. Den største delen av tilskotet skal dekkja kostnader med opprusting av kaidekke og kaifront ved Giertsen-nausta på Ågotnes. Det er kome inn ein del andre søknader om støtte som rådmannen innstiller skal få avslag. Dette er Norges Håndballforbund region vest (Møbelringen Cup), Sotra 24-timars Coastman-Pådriverne og Ran Seilforening (opprusting av kai).

Andre saker i komité 29. august

  • Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell for skuleåret 2016/2017.
  • Utgreiing om korleis ein kan leggja til rette for heiltidsstillingar i Fjell kommune.
  • Søknad om endring av salsløyve for alkohol, Matvareexpressen.
  • Høyringsuttale: Forslag om å innføra forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og utdanningsinstitusjonar.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

 


Publisert: 22.08.2017 22:23
Sist endret: 22.08.2017 22:31