Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår modellar for utbyggingsavtalar

Rådmannen går inn for at Fjell kommune tek i bruk nye modellar for utbyggingsavtalar. Saka skal opp til behandling i formannskapet den 5. april.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?



Foto: Colourbox

I eit framlegg om prinsippvedtak føreslår han at Fjell kommune tek i bruk justeringsmodellen der dette er tenleg. Justeringsmodellen inneber at kommunen over ein 10-årsperiode kan få kompensert meirverdiavgifta som private utbyggjarar har lagt ut ved bygging av kommunale anlegg. Kommunen inngår avtale med utbyggjar om overføringa av meirverdiavgifta som kommunen får kompensert. Etter at kommunen har fått refundert meirverdiavgift frå staten, kan avgifta vidarebetalast heilt eller delvis til den aktuelle utbyggjaren.

Når det gjeld retningslinjene for bruk av utbyggingsavtalar, føreslår rådmannen at dei vert supplerte med eit nytt punkt slik at det kan avtalast at kommunen eller andre skal ha fortrinnsrette til å kjøpa eit tal bustader til marknadspris.

Det er også føreslått å godkjenna bruk av fondsmodell i utbyggingsavtalar for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde og at det vert opna for kommunal forskotering.

Rådmannen føreslår at formannskapet vedtek å leggja framlegget til offentleg ettersyn i 30 dagar.

Møtet vert halde i komtésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 31.03.2017 12:00
Sist endret: 31.03.2017 12:03