Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår ny vidaregåande skule på Bildøyna

Liegruppen meiner at den nye vidaregåande skulen på Sotra bør plasserast like nord for det planlagte krysset på Bildøyna. Jan Arthur Nilssen og Roy-Eddy Lie frå Liegruppen var på plass i formannskapet på onsdag og presenterte sine tankar om «Kunnskapskvartalet» som ein del av det framtidige Bildetangen (fase 2) for Sotra Kystby.

Roy-Eddy Lie i Liegruppen presenterte forslaget om "Kunnskapskvartalet Bildetangen".
Roy-Eddy Lie i Liegruppen presenterte forslaget om "Kunnskapskvartalet Bildetangen".


Fylkestinget har vedteke at det skal etablerast ein ny vidaregåande skule i knutepunktet Bildøyna/Straume. Dei økonomiske rammene for eit slikt prosjekt er førebels på 880 millionar kroner, men det er ikkje sett av pengar i investeringsbudsjettet for fylkeskommunen i perioden fram mot 2020. Ifølgje Nilssen reiser 42 prosent av dei vidaregåande elevane frå regionen vår over Sotrabrua til Bergen for å få undervisning på dette nivået.

- Vi treng stå saman på barrikadane om ein ny vidaregåande skule her ute, sa Roy-Eddy Lie..

Lie meiner det er to reelle alternativ for ein ny vidaregåande skule i dette området. Det eine er sentralt på Straume i området der det er tenkt parkområde mellom rådhuset og bussterminalen. Det er ifølgje Lie ikkje mogleg å byggja ut i dette området før tidlegast 2024/2025.

Kunnskapskvartal ved kollektivknutepunkt

Det andre alternativet er å etablera eit nytt kunnskapskvartal like nord for det nye planlagte krysset på Bildøyna. Krysset på Bildøyna er ein del av Sotrasambandet-prosjektet (rv 555). Med dette alternativet kan ein ny skule vera klar til bruk om lag på same tid som Sotrasambandet er fullført.

- Dette vert eit viktig kollektivknutepunkt. Når skulen vert ein grunnmur i ein ny bydel, vil han også prega det som skjer i bydelen. Det kan leggjast til rette for fleire fagretningar, til dømes marine fag. Kommunane bør samla seg om lokasjon og eit tydeleg konsept for kunnskapskvartal på Bildetangen. Dette konspetet må fremjast for fylkeskommunen slik at ny vidaregåande skule kjem inn i investeringsplanen deira, sa Roy-Eddy Lie som var tydeleg på at dette arbeidet må starta no.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 18.01.2017 22:01
Sist endret: 18.01.2017 22:05