Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår spleiselag for å finansiera gang- og sykkelveg

Rådmannen føreslår at bygging av gang- og sykkelveg langs den kommunale Bildøyvegen (kv 47) vert finansiert med 50 prosent kommunale midlar og 50 prosent frå Statens vegvesen. Saka vert behandla i formannskapet den 30. september.

Bildøyvegen passerer mellom anna Straume Sjøfront.
Bildøyvegen passerer mellom anna Straume Sjøfront.

I mai i år vedtok kommunestyret å søkja om å verta sykkelby. Det vart også vedteke å prioritera fylkesveg Foldnesvegen (209) og den kommunale vegen Bildøyvegen (47) i søknad om tilskot til gang- og sykkelveg frå Statens vegvesen. Den kommunale eigendelen må vera politisk vedteken ved søknadstidspunktet, og fristen for å senda søknad til staten vegvesen er 1. september.

Fylkeskommunen har gjeve positive signal om å prioritera halve finanseringa av Foldnesvegen. I ettertid ser ein at det ikkje er realistisk å søkja om tilskot til denne vegen i år ettersom ein heilskapleg reguleringsplan trengst før ein startar opp. I dei to siste trafikksikringsplanane for Fjell er det vedteke å setja av 40 millionar kroner og 850 tusen kroner til veglys mellom Sjøfronttunnelen og Ankerhagen langs Bildøyvegen.

Rådmannen viser til at Bildøyvegen er ei innfartsåre til kystbyen som også får trafikk til og frå barnehagar, barneskulen på Kolltveit og ungdoms- og vidaregåande skule på Bildøyna. Han meiner at Fjell kommune bør prioritera å finansiera gang- og sykkelveg langs Bildøyvegen i spleiselag med Statens vegvesen og at kommunen nyttar midlane som er fordelte gjennom kommunedelplan for trafikksikring 2017-2020.

Forbodssone mot privat fyrverkeri på Straume

Rådmannen føreslår å leggja høyringsutkast til lokal forkskrift mot fyrverkeri ut på offentleg høyring. I utgreiinga vert det vist til at det vert skote opp mykje fyrkverkeri i Fjell. Talet på ulukker er ikkje høgt, men det er alltid ein risiko for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Saksframlegget er ei oppfølging av at den politiske leiinga har bedt om forslag til lokal forskrift om forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri i nokre soner i straumeområdet.

Tilrår nytt hamneselskap

I november 2016 vart det nye regionale hamneselskapet Bergen og Omland Havn AS stifta av dei 11 kommunane som tidlegare utgjorde Bergen og Omland havnevesen. I løpet av arbeidet med det nye selskapet vart det klart at det er nødvendig å etablera eit selskap med anna selskapsform enn aksjeselskap, til dømes eit interkommunalt selskap, for å behandla lovpålagte oppgåver etter hamne- og farvannslova. Denne saka byggjer på ei sak utarbeidd av Bergen kommune der det vert føreslått å etablera eit interkommunalt selskap for å ivareta dei lovpålagte oppgåvene.

Møtet i formannskapet vert halde i komitésalen og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 24.08.2017 10:03
Sist endret: 24.08.2017 10:08