Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår tiltakspakke mot kø i trafikken

Formannskapet sluttar seg til eit forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre om ei rekkje tiltak som kan redusera køen på riksveg 555 på Litlesotra.

Arkivfoto. Kjell Andersland
Arkivfoto: Kjell Andersland

Formannskapet drøfta i dag utfordringa med kø i rushtida, særleg retning Bergen sentrum om morgonen. Så snart som mogleg ønskjer politikarane er det vert innført forbod mot å køyra med motorvogn sør for kryss med Bildøy bru for å hindra gjennomkøyring frå Bildøy bru eller riksveg 555 over Bildøyna mot Straume mellom klokka 06.30 og 09.00 (måndag til fredag). Dette forbodet gjeld ikkje buss.

Andre tiltak er forbod mot å køyra med motorvogn (unnatak for buss) i same tidsrom ved Arefjordbrua for å hindra gjennomkøyring frå Litlesotra mot Valenkrysset (v/ riksveg 555). Det er også føreslått å forby køyring med motorvogn (ikkje buss) ved påkøyring frå Straume mot riksveg 555 retning Bergen mellom kl. 06.30 og 09.00 måndag til fredag.

Andre tiltak er auka kapasitet på lyskryss ved Valenkrysset, direkte påkøyringsfelt frå Hjelteryggen mot Bergen og informasjonskampanje. I forslaget vert det også vist til forslag i fylkesutvalet om å løyva 1,5 millionar kroner til ekstra bussruter. Formannskapet ønskjer å prioritera direkteruter til Kokstad/Sandsli der ein nyttar Knappetunnelen. Det er også bedt om at fylkeskommunen gjennomfører ein moglegheitsstudie om båtrute mellom Ågotnes og Bergen og konsekvensanalyse av eventuell rushtidsavgift.
Her kan du lesa heile forslaget.

Daniel-Victor Sandvik i FrP fekk si eiga røyst på sitt forslag. Her er det føreslått å oppretta innfartsparkering i Tellnes Næringspark og Ågotnes (utviding). FrP vil også ta opp igjen den private reguleringsplanen om innfartsparkering vest for Kolltveittunnelen (Knutepunktet). FrP vil også å innføra forbod mot å sykla over Sotrabrua i morgon- og ettermiddagsrushet og at syklistane kan ta sykkelen med på bussen gratis på strekninga over brua.

Sotralista og Venstre signaliserte at dei vil koma med framlegg før behandlinga i kommunestyret. Desse partia er innstilte på å integrera sitt forslag i eit fellesframlegg om det let seg gjera.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret den 14. desember.

Diskuterte tiggeforbod

I samband med framlegget til revisjon av politivedtekter for Fjell kommune vart det diskusjon om det bør innførast forbod mot tigging i sentrumsområde i Fjell. I framlegget, som vart vedteke lagt ut til offentleg høyring i to månader, er det føreslått forbod mot tigging på, eller like ved, offentlege stader i sentrumsområde i kommunen (kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus). I diskusjonen gav Egil Haaland (Ap) og Odd Bjarne Skogestad (KrF) uttrykk for at dei var kritiske til å innføra forbod mot tigging.

Med åtte mot ei røyst (FrP) vart det lagt til eit tilleggspunkt til innstillinga om at formannskapet ber spesielt om uttale knytt til behovet for tiggeforbod og eventuelt omfanget av dette. I første omgang vert altså framlegget til revisjon av politivedtektene lagt ut til offentleg høyring i to månader.

Fire personar føreslått å få vigselrett i Fjell

Frå januar 2018 er vigselmyndigheita overført til kommunane ved ordførar, varaordførar og andre kommunestyret gjev slik myndigheit. Formannskapet sluttar seg til innstillinga frå rådmannen om at ordførar, varaordførar, personalsjef Lisbeth Grosvold og kultursjef Lennart Fjell får vigselrett i Fjell og at det vert sett av ein fast fredag i arbeidstida og ein fast laurdag i månaden til vigsel. Ordførarkontoret er føreslått som seremonirom. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Vil gje einerett til BIR Transport AS

Formannskapet går inn for at BIR Transport AS vert tildelt einerett for å henta inn hushaldsavfall. Bakgrunnen for saka er at RenoNorden gjekk konkurs tidlegare i år og at ein som følgje av det har arbeidd med å finna løysingar for bossinnsamling.

Mindretalet (Høgre og Sotralista) røysta imot innstillinga og grunngav dette i drøftinga med at ein er forplikta til å lysa ut oppdraget i ein anbodskonkurranse. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Formannskapet slutta seg til framlegget til høyringsuttale om statlege planretningslinjer for klimatilpassing.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 06.12.2017 21:35
Sist endret: 06.12.2017 21:46