Facebook ikon Twitter logo Print side

Føreslår vidare utgreiing av snøggbåtrute

Rådmannen går inn for at det vert arbeid vidare med utgreiing av båtsamband mellom Ågotnes og Bergen. Han ønskjer også at det vert arbeidd meir med å vurdera snøggbåtanløp frå Brattholmen kai og Straume Sjøfront. Formannskapet skal gje uttale til ein rapport om båtsamband på møtet den 5. juni.

På vegner av fylkeskommunen har Skyss utgreidd mogleg båtsamband mellom Bergen og nabokommunane. I utgreiinga har ein sett på om det kan utviklast eit tenleg driftsopplegg for båtsamband mellom Sotra og Bergen (Strandkaien). Rapporten har vurdert passasjergrunnlag og effekten av tiltak opp mot driftskostnadene med eit båtsamband. I rapporten vert det frårådd å oppretta båtsamband.

Rådmannen saknar vurdering av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane for regionane og næringslivet, både på kort og lang sikt. Han meiner det er viktig at fylkeskommunen, kommunane og næringslivet saman arbeider vidare med å finna tiltak som kan flytta personbilreiser over på kollektiv. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Områdemodell for Straume

Rådmannen går inn for at Fjell kommune tek i bruk områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i området. Han føreslår at det offentlege bidreg med 50 prosent og utbyggjarane bidreg med eit fast beløp pr. kvadratmeter (BRA). I framlegget heiter det at rådmannen får mandat til å forhandla fram og inngå overordna utbyggingsavtalar med grunneigarane i dette området. I framlegget heiter det vidare at dersom rådmannen ikkje oppnår semje med grunneigar om overordna utbyggingsavtale, får rådmannen mandat til å etablera ein områdemodell gjennom vedtak.

Redusert gebyr for vatn og avlaup

FjellVAR AS har opparbeidd eit sjølvkostfond på 40 millionar kroner. I samband med overgang til ny kommune og etablering av nytt selskap, vert føresetnadene for storleiken på fondet endra. Rådmannen følgjer innstillinga frå styret i FjellVAR og føreslår at fondet vert redusert med 19 millionar kroner og at det ikkje vert kravd inn gebyr for tredje termin 2019. Saka går til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Formannskapet skal også behandla årsmelding og rekneskap for 2019.

Møtet vert halde i komitésalen i fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Cowi

 

 

 

 

 

 

 


Sist endret: 31.05.2019