Facebook ikon Twitter logo Print side

Formannskap og to komitémøte neste veke

Neste veke er det kalla inn til møte i formannskapet og dei to komitéane; komité for drift og forvaltning (KDF) og komité for plan og utvikling (KPU). Til møtet i KDF ligg det på bordet 17 saker.



Ei rekkje av sakene i KDF tysdag den 5. juni er knytt til fordeling av kulturmidlar til lag og organisasjonar. Andre saker i KDF er økonomirapport, høyringsfråsegn og handlingsplan mellom tenestene når det gjeld å avdekkja og hjelpa barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar. Møtet i KDF vert i Fjell rådhus, komitésalen, tysdag den 5. juni og tek til klokka 16.00. Møtet startar med fire orienteringar.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

KPU skal på møtet tysdag den 5. juni ta stilling til 11 klagesaker og to reguleringsplansaker som er til sluttbehandling. Dei to reguleringssakene er detaljreguleringsplan for Landro gravplass og detaljreguleringsplan for Valderhaugane, Ågotnes. Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.
Her kan finn du informasjon om sakene som skal behandlast.

På sakskartet til formannskapet onsdag den 6. juni er mellom anna årsmelding og rekneskap for 2017og sentrumsvedtekter for Straume (revisjon av politivedtekter).
Møtet vert halde i komitésalen og tek til klokka 15.00.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 31.05.2018 08:51
Sist endret: 31.05.2018 08:58