Facebook ikon Twitter logo Print side

Formannskapet drøfta utbyggingsavtalar

Seniorplanleggjar i Asplan Viak, Erik Plathe, var tydeleg på at utbyggingsavtalar er eit flott tilbod for utbyggjar. Han sa dette då formannskapet i dag hadde arbeidsmøte med nettopp utbyggingsavtalar som tema. Også representantar frå utbyggjarar var til stades på møtet.

Erik Plathe
Erik Plathe

Målet med møtet var å drøfta kva moglegheiter og utfordringar som ligg i bruk av utbyggingsavtalar. Møtet starta med at Lena Svalastog Garnes og Lisbeth Selstø hjå Plan- og eigedomssjefen presenterte plansituasjonen innanfor kommunedelplanen for Straume. Rådmannen treng politiske signal for å skriva ei sak om bruk av utbyggingsavtalar. Spørsmålet er mellom anna kven som skal ta kostnader med fellestiltak knytt til infrastruktur. Korleis kan ein få gjennomført fellestiltak som spleiselag?

Flott tilbod til utbyggjar

Seniorrådgjevar Erik Plathe viste til at Fjell kommune har teke ei aktiv rolle i utbyggingspolitikken. Det er eit mål å utvikla gjennomføringsmodellar for å finansiera felles infrastruktur. Det er også aktuelt å vurdera forskottering.

- Det er bra å kopla opp rekkjefølgjekrav opp mot utbyggingsavtalar. Utbyggingsavtalar er frivillig for utbyggjar og kommunen. Det er kommunen som tek risikoen ved utbyggingsavtalar, og difor er dette eit flott tilbod til utbyggjar, sa Plathe. Han understreka at det må vera samanheng mellom tiltak og kostnadsdeling («forholdsmessig andel»). Dette er omtalt i plan- og bygningslova § 17-3.

I plan- og bygningslova går det fram kva ein utbyggingsavtale er (§17-1). Dette er ein avtale mellom kommunen og grunneigar eller utbyggjar om utbygging av eit område som har sitt grunnlag i planmynden til kommunen og som gjeld gjennomføring av kommunal arealplan.

Offentleg infrastruktur

Plathe skisserte kva ein meiner med felles offentleg infrastruktur. I denne samanhengen handlar det om infrastruktur med rekkjefølgjekrav der fleire utbyggjarar/grunneigarar og eventuelt kommunen/andre offentlege styresmakter i fellesskap har ansvar for å dekkja kostnadene med til dømes veganlegg, gang- og sykkelvegar som er felles for området, grønstruktur og torg og parkar som er felles for området. Utbyggjar har sjølv ansvaret for infrastruktur som berre gjeld eige utbyggingsområde.

I drøftinga vart det mellom anna stilt spørsmål knytt til oppdeling av område for utbyggingsavtalar, eigarskifte, føreseielege forhold for utbyggjar og i kva grad kommunen sjølv har økonomi og kan prioritera å inngå slike avtalar. Administrasjonen presenterte mogleg modell med kostnadsdeling mellom kommunen og utbyggjar.

Administrasjonen tek med seg signala frå drøftinga i formannskapet. Plan- og eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen opplyste at det vert fremja sak om utbyggingsavtalar i vår og at det kan gjerast endeleg vedtak i kommunestyret før nyttår.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 27.02.2019