Facebook ikon Twitter logo Print side

Formannskapet drøftar byvekstavtale

Formannskapet skal den 20. juni drøfta utkastet til byvekstavtale for bergensområdet. Avtaleutkastet er i samsvar med det siste forhandlingsmøtet, men er ikkje ferdigforhandla.

Målet med byvekstavtalen er at veksten i persontransporten mellom anna skal takast med kollektivtrafikk.
Målet med byvekstavtalen er at veksten i persontransporten mellom anna skal takast med kollektivtrafikk.

Målet med byvekstavtalen mellom staten, fylkeskommunen og fem kommunar i bergensområdet er at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange (nullvekstmålet).

I perioden august 2018 til juni 2019 er det gjennomført ni forhandlingsmøte. Ordførarane frå omegnskommunane, byråd for byutvikling i Bergen kommune og fylkesordføraren har representert dei lokale partane i forhandlingane. Det har også vore ei referansegruppe (Fjell, Sund og Øygarden) som har fått informasjon og som er inviterte til å delta i formøta og å vera til stades under forhandlingsmøta.

På formannskapsmøtet vert det ein presentasjon med tema som overordna mål med byvekstavtalen, styringssystemet, moglege tiltak, finansiering, kommunale forpliktingar og vidare prosess.

Merk at møtet, som vert halde i komitésalen i Fjell rådhus, tek til klokka 10.00. Seinare same dag, klokka 13.00, er det kommunestyremøte.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Te


Sist endret: 13.06.2019