Facebook ikon Twitter logo Print side

Første mann heim!

I dag har det blitt arrangert springekonkurranse på Straume Bu og Servicesenter! Bebuarar og tilsette trossa vinterkulda og laina seg opp etter startnummer ute i gården.

God stemning med springekonkuranse på Straume bu og servicesenter

God stemning

Musikkterapeut Sandra starta det heile med litt oppvarmingsmusikk og trompet-fanfare, før startskotet gjekk! Det vart god stemning, mykje latter og alle man alle kom i mål!

Etter løpet vart det premieutdeling og endå meir musikk, før det til slutt vart servert bollar og kakao på avdelingane.

Engasjerte tilsette

Takk til dei fantastiske pleiarane som sette i gong denne aktiviteten, og ei særskild takk til Ingvild som var rittleiar i dag!!

Engasjerte tilsette

Tekst: Sandra Sognnes Thorstensen, musikkterapeut ved Straume bu og servicesenter

Fleire bilete

Musikkterapeut SandraSpringekonkuranse på Straume bu og servicesenterDrikkestasjon til bebuarar og tilsetteStor takk til rittleiar IngvildMusikkterapeutane Guri og SandraTrossa kulde i springekonkurranse


Publisert: 29.10.2018 13:56
Sist endret: 29.10.2018 14:06