Facebook ikon Twitter logo Print side

Første skuledag er alltid spennande

Det var mange forventningsfulle førsteklassingar som saman med foreldra sine møtte opp på skulane i dag. På Ulveset skule var flagget heist til topp for å markera den første skuledagen dette skuleåret.

Førsteklassingane på Brattholmen skule har store forventingar til skuleåret som ligg framfor.
Førsteklassingane på Brattholmen skule har store forventingar til skuleåret som ligg framfor. Foto: Kjell Andersland

Rektor Cecilie Dahl er ny rektor på Ulveset skule. Klokka ni i dag var ho klar til å ta imot dei forventningsfulle førsteklassingane i gymnastikksalen.

- Velkomen til Ulveset skule. Vi er svært glade for å ha deg her, og vi skal gjera det vi kan for at du skal læra mykje. Du har kanskje litt sommarfuglar i magen, men du kan gle deg til dette. Vi har venta på dykk og førebudd oss, sa rektoren til dei 29 elevane og foreldra som var på plass i gymnastikksalen. Etter fellessamlinga i gymnastikksalen kunne lærarane Mariann Vindenes, Christine Huseby og Cathrine Marøy ønskja elevane velkomne til klasseromma sine.

Totalt er det 329 førsteklassingar som tek til på dei kommunale skulane i Fjell dette skuleåret.

Ny rektor 

Den nye rektoren på Ulveseth skule, Cecilie Dahl, kjem frå stillinga som avdelingsleiar på Hjelteryggen skule.

- Eg søkte stillinga fordi eg hadde lyst å prøva noko nytt. Eg er svært godt motteken av kollegaene på skulen. Eg gler meg til å verta kjent med både vaksne og barn og mellom anna å arbeida med VI-prosjektet, «Vennskap og inkludering», seier rektoren.

Rektor Cecilie Dahl helse alle førsteklassingane velkomen til Ulveset skule.
Rektor Cecilie Dahl helste på alle førsteklassingane velkomen til Ulveset skule.

Nedanfor ser du bilete frå første skuledag på både Ulveset, Brattholmen og Foldnes. Bileta er tekne av Kjell Andersland og Vigleik Brekke. 

Tekst: Vigleik Brekke

Sjå bilete frå første skuledag her:

Brattholmen

 

Foldnes

Ulveset

 

 


Sist endret: 15.08.2019