Facebook ikon Twitter logo Print side

Første vigselsdag i Fjell

Det var høgtid for Tone Kolsrud Schulstock og Bjarte Tennfjord då dei i dag sa ja framfor ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Tone Kolsrud Schulstock og Bjarte Tennfjord
Tone Kolsrud Schulstock og Bjarte Tennfjord

Dette var første dagen Fjell-ordførar gjennomførte vigsel etter at ansvaret for borgarleg vigsel frå 1. januar i år vart overført til kommunane.

Tone kjem frå Jeløya ved Moss, medan Bjarte er sunnmøring og kjem frå Grandiosa-kommunen Stranda. I dag vert det feiring i eit moderat format. Den store festen kjem seinare i år.

- Vi synest det var svært kjekt å få koma hit og verta vigsla her. Det gode veret tinga eg i går, sa Bjarte Tennfjord då seremonien var gjennomført.

Fann kvarandre i eit Fjell-prosjekt 

Ordføraren smilte godt då dei to fortalde korleis dei trefte kvarandre.

- Vi møtte kvarandre i demensprosjektet «Tysdag på Gjerdet». Dette er eit flott prosjekt som viser at Fjell kommune vågar å gå inn i nye prosjekt, seier Tone Kolsrud Schulstock som legg til at Sotra er ei fantastisk sjarmerande øy.

Tone har arbeidd som døvetolk i Sund, Fjell og Øygarden, medan Bjarte har vore tilsett på Fjell ungdomsskule og seinare Sotra vidaregåande skule. Dei to har også felles at dei driv med birøkt.

I dag vert det altså ei moderat feiring. Til sommaren skal dei til Island og markera det store året då dei sa ja til kvarandre på ordførarkontoret i Fjell.

Dette var første dagen ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gjennomførte vigsel.
Dette var første dagen ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gjennomførte vigsel.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 02.02.2018 15:32
Sist endret: 02.02.2018 15:41