Facebook ikon Twitter logo Print side

Førstehjelpskurs for lærlingane

18. september vart det arrangert kurs i brannvern og førstehjelp for 1. års lærlingane på brannstasjonen på Ågotnes.

Frå brannøvinga på torsdag
Frå brannøvinga på torsdag.

Ronny Gilborn gav oss god innføring i den teoretiske delen av brannvern. Kristine og Ronny gav oss god innføring i den praktiske delen. De fikk sløkka brann med brannteppe, sløkka brann i vogn. Det er så viktig at de får prøve ut dette sjølve.

Etter pausen losa Jarl oss gjennom grundig innføring i både teori og den praktiske delen til førstehjelp. Det handla om kor viktig det er med den «første hjelpa» dersom du kjem til ein ulukkesstad. Alle fekk  øva på to innblås og 30 kompresjonar på «Annedukken».

Alle var samde om at dette er et svært nyttig og førebyggjande kurs.

Fjell kommune legg vekt på førebyggjande arbeid for lærlingane

Henrik Søndergaar frå Bedriftshelsetenesta Arsana, heldt kurs i ergonomi for nye lærlingar 19.september.

Ergonomi er læra om korleis vi best mogleg kan tilpassa arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø til mennesket. Vi fekk innføring i kor viktig det er med rette arbeidstillingar. Korleis førebyggja muskel og skjelettlidingar. Kor viktig det er å halda kroppen i god form, litt trening kvar dag kan gjera underverk! Strikktrening, gå, sykla, a variasjon i din arbeidsdag, alt er med å bidra til å halda seg i god form.

Tone Mette Sleire losa oss vel gjennom informasjon om sjukefråvær, våre rettar og våre plikter. Ein raud tråd som har gått igjen hos alle som har hatt innlegg for lærlingane desse tre dagane er: Kor viktig at du er ein god arbeidskollega og medverka til eit godt arbeidsmiljø! Eit god samarbeid på arbeidsplassen er så viktig, det påverkar oss fysisk, psykisk og sosialt i kvardagen vår.

Gro Berge er kommunepsykolog for barn og unge i Fjell kommune. Ho heldt foredrag og viste oss små enkle grep vi kan gjera for å løysa eit problem, kor viktig det er å ha nokon å snakka med, identifisera problemet, at vi saman med ein god venn, god kollega kan koma fram til ei god løysning, når vi har ei utfordring å arbeida med. Vi må merke signala i kroppen vår, kva kjnesle du kjenner. Bli kjent med dine gode sider, bli din eigen supporterklubb! Ta vare på deg sjølv!

Samling for Tverrfaglige opplæringskontor 5. og 6. juni 2019

Opplæringskontor frå heile regionen vår var samla på Panorama konferansehotell i juni.
Dette er ei årleg samling, der vi utveksla tankar og nye idear til felles nytte i arbeidet vårt med lærlingordninga i de ulike kommunane.

På tur til Håkonsund. Frå venstre;Hildegunn Espe frå Odda Opplæringskontor ,Christina Stølen Bømlo, Bjørn Johannesen Haugaland opplæringskontor ,Sølvi Kaland Sture Askøy, Hege Grane Hisdal, Hardanger og Terje Rognsvåg Odda Opplæringskontor
På tur til Håkonsund. Frå venstre;Hildegunn Espe frå Odda Opplæringskontor ,Christina Stølen Bømlo, Bjørn Johannesen Haugaland opplæringskontor ,Sølvi Kaland Sture Askøy, Hege Grane Hisdal, Hardanger og Terje Rognsvåg Odda Opplæringskontor. Foto: Evelyn Persson.

Vi var 13 personar rundt bordet som representerte ulike opplæringskontor. Vi arbeider ulikt, men vi har eit felles mål å skaffa gode arbeidsplasser for lærlingane.

Først ut på programmet var Evelyn som viste korleis vi arbeider med lærlingordninga i Fjell kommune. Kor viktig oppgåve dei faglige leiarane vår gjer med tilrettelegging og daglig drift. Dette gjeld rettleiarane ute på dei ulike arbeidsstadane som kvar dag ivaretar lærlingane på ein god måte. Vi viste og programvara OLKWEB som vert nytta i arbeidet vårt.

Tone Mette frå personavdelinga heldt innlegg om sjukefråvær, rettar og plikter. At Fjell kommune arbeider førebyggjande på dette området, at vi har personale som reiser ut i bedriftene og underviser.
Ingrid Beate Lægreid arbeider som koordinator ved Sotra vidaregåande skule, og heldt innlegg om samarbeid mellom skule og næring, om rekruttering til yrkesfag – yrkesfagleg fordjuping.

Eldbjørg Fjeldsbø frå Fagopplæringa heldt innlegg om ulike støtteordningar til lærlingordninga. Og informerte om prosessen Fagopplæringa er inne i før vi får samanslåing til Nye Vestland fylke.

Alvhild Tofterå Berge heldt foredrag om det å få energi, ha arbeidsglede, få motivasjon og ein god plan i arbeidet sitt. Korleis arbeida fram mot nye mål! Ho gav oss gode tips og idear med på vegen vidare i vårt viktige arbeid!

Vi hadde ei svært god samling, gode diskusjonar og skal samlast i Hardanger til neste år.


Evelyn Persson
koordinator for læringane i Fjell

Her er fleirte bilete frå førstehjelpskurset

Her er bilte frå samlinga på Panorama

Koordinator på Sotra vidaregåande skule, Beate LægreidEldbjørg Fjeldsbø, fagopplæringa


Sist endret: 19.09.2019