Facebook ikon Twitter logo Print side

Forventar mindre helikopterstøy

Om lag 75 personar hadde funne vegen til kultursalen i Fjell rådhus tysdag kveld. Avinor med lufthamndirektør Aslak Sverdrup i spissen orienterte om arbeidet med nye helikoptertraséar.

Per Atle Tellnes tok opp spørsmålet om vilkåra for å bustadbyggjing. Til høgre; lufthamndirektpr på Bergen lufthavn, Aslak Sverdrup.
Per Atle Tellnes (i midten) tok opp spørsmålet om vilkåra for bustadbyggjing. Til høgre; lufthamndirektpr på Bergen lufthavn, Aslak Sverdrup.

Støy frå helikoptertrafikken mellom Bergen lufthavn og olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen har skapt stort engasjement blant innbyggjarane på Sotra i mange år. På møtet i går kveld orienterte Avinor om ei fersk støykartlegging for Bergen lufthavn utarbeidd av Sintef.

På grunnlag av kartlegginga utarbeider Avinor «Konsept 2018» med nye forslag med endra helikoptertraséar. Avinor presenterte også eit nytt støysonekart fram til 2028. Målet er å redusera ulempene for dei som bur langs helikopterrutene mest mogleg. Traséane vert lagde i område med minst mogleg busetnad, og støybelastinga skal fordelast. «Samlingspunktet» som har vore lokalisert aust for Turøyna skal leggjast vest for øya. Dermed vert det ikkje helikoptertrasé rett over Turøyna.

På møtet tok fleire ordet og stilte spørsmål til representantane frå Avinor. Tema deltakarane tok opp på møtet var mellom anna helikoptertype, støynivået på Misje og Bjorøyna og utfordringar for entreprenørar som har planar om bustadbygging.

Lettare å byggja i gul sone

Leiar av komité for plan og utvikling, Henning Ekerhovd leia møtet. Han var glad for at Avinor stilte opp og gav håp om mindre helikopterstøy fram mot 2028.

- Eg gler meg over at areala med gule og raude soner vil verta gradvis reduserte fram mot 2028. Det vil gjera det lettare å leggja til rette for bustadbygging også i gule område, seier Ekerhovd.

Ifølgje Avinor vil det ta noko tid med flytesting og tilrettelegging før dei endra helikoptertraséane vert permanente. Avinor sitt endelege framlegg til nye helikoptertrasear vil bli sendt på høyring til aktuelle kommunar etter testflyging og støykartlegging.

Definisjonar flystøysoner (utandørs)

Raud sone ligg nærast støykjelda og er eit område som ikkje er eigna til støykjenslege bruksformål. Her må ein unngå støykjensleg busetnad. Her er utandørs støynivå sett til 62 dB, (07.00-23.00)

Gul sone er ei vurderingssone der støykjensleg busetnad kan oppførast dersom avbøtande tiltak gjev tilfredsstillande støyforhold. Her er utandørs støynivå sett til 52 dB på dag- og kveldstid (07.00-23.00)


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 31.10.2018 09:21
Sist endret: 31.10.2018 09:30