Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis negativt netto driftsresultat

Netto driftsresultat etter 1. kvartal 2019 viser eit negativt resultat på om lag 20 millionar kroner. I sak om økonomirapport pr. 1. tertial 2019 (30.04.), som vert behandla av formannskapet den 8. mai, går det fram at det det negative resultatet skriv seg frå lønsområdet i form av for høge vikarutgifter.

Illustrasjonsfoto

I saka skriv rådmannen at dei frie inntektene er om lag i balanse. Gebyrinntektene knytt til sjølvkostområdet viser mindreinntekter, medan utbyte frå BKK truleg gje meirinntekter på om lag fire millionar kroner. Bortfall av eigedomsskatteinntekter utgjer om lag 4,5 millionar koner.

Rådmannen har allereie sett i verk tiltak for å få ned meirforbruket gjennom skriv til alle tilsette i kommunen. Tiltaka er knytt til bruk av vikar, innkjøp, tilsetjingar og opplæring.

På bakgrunn av tala over har rådmannen bede sektorsjefane om å legga fram konkrete innsparingstiltak for sektoren sin. Med utgangspunkt i innspel frå sektorsjefane har rådmannen sett opp ei liste over aktuelle tiltak med anslag på beløp for dei åtte siste månadene i 2019. Dette gjeld mellom anna innstramming i vikarbruk, ikkje tilsetjing i stillingar som vert ledige, temporisera/utsetja tilsetjingar i lokalmedisinsk senter og redusera innkjøp av varer og tenester. Majoriteten av tiltaka er ikkje å sjå på som budsjettendringar, men tiltak for å sikre at det vedteke budsjettet vert halde.

I forslaget til vedtak heiter det at formannskapet ber rådmannen sjå til at rekneskapen ikkje viser større underskot enn det kommunestyret har budsjettert med og godkjenner rådmannen sine tiltak slik det går fram av saka.

Føreslår å oppløysa Øygarden brann og redning IKS

Rådmannen føreslår at det interkommunale selskapet Øygarden brann og redning vert oppløyst med heimel i lov om interkommunale selskap. Det vert vidare føreslått at selskapet Øygarden Brann- og redning IKS si verksemd i sin heilskap vert vidareført som eit nytt kommunalt føretak i Nye Øygarden kommune slik fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har vedteke.
For å omdanna selskapet til eit kommunal føretak, så må ein formelt vedta å avvikla ØBR og deretter gjennomføra ei overdraging av verksemda til eit nytt KF. ØBR er eigd av dei tre deltakarane Fjell, Sund og Øygarden kommunar. For å oppløysa selskapet må kommunestyra i dei tre kommunane gjera eit likelydande vedtak om oppløysing.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

På møtet vert det fleire orienteringar:

  • Mellombels omplassering av asfaltverk (YIT), forenkla konsekvensutgreiing
  • Status byvekstavtalen
  • Økonomisk status v/rådmannen
  • Markering av avslutning for kommunestyret , drøfting v/ordførar

Møtet vert halda i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Sist endret: 04.05.2019