Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis sterk folkevekst i Fjell

Ved utgangen av 2018 var det 26 166 innbyggjarar i Fjell. Folkeveksten i fjor var på 441 personar (1,71 prosent). Dette viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Folkeveksten er noko svakare i 2018 enn året før då innbyggjartalet auka med 521 personar (2,1 prosent). Likevel må ein folkevekst i 2018 på 1,71 prosent reknast som sterk samanlikna med heile landet (0,6 prosent) og til dømes kommunar som Bergen (0,5 prosent) og Askøy (0,7 prosent).

Fødselsoverskotet i Fjell var i 2018 på 211 personar, medan netto tilflytting var 227. I Øygarden har folketalet auka med 12 personar (0,25 prosent), medan det i Sund var registrert 23 færre personar (- 0,32 prosent) ved utgangen av året samanlikna med starten av året. For region vest, inklusive Askøy, var folkeveksten på 0,95 prosent i fjor.

Tabellen under er utarbeidd Jarle Kåre Oen, Øygarden kommune.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Sist endret: 23.02.2019