Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis stram økonomi i Fjell

Rådmannen reknar med at rekneskapen for 2019 vil liggja tett opp til budsjettet, kanskje noko betre. Det skriv han i oppsummeringa av den månadlege rapporten for juni som han i dag har sendt til kommunestyret og leiargruppa.

Ill.foto

Formannskapet har bedt rådmannen å leggja fram ein økonomirapport for kommunen kvar månad. Denne rapporten vert sendt ut til orientering. Andre tertialrapport (pr. 31.08.2019) vert lagt fram til politisk behandling og endeleg vedtak i kommunestyret.

Rådmann Steinar Nesse skriv at innsparingstiltaka vil krevja at om lag 50 stillingar/årsverk står vakante (ledige) med halvårsverknad. Han gjer merksam på at ein konsekvens av vakante stillingar vert noko auka vikarbruk. Han innser også at innstramingane går ut over tenestesttilbodet til innbyggjarane og arbeidsmiljøet for dei tilsette.

- Dette er særleg uheldig i eit tid der dei tre kommunane i regionen skal slå seg saman. Det er sterk politisk vilje til å sikra den nye, større kommunen eit så godt økonomisk utgangspunkt som mogleg. Rådmannen er viss på at Fjell skal løysa sin del av denne utfordringa, skriv Nesse.

Det vert også peika på at folkeveksten er låg. I dei seinare rapportane vil rådmannen sjå nærare på nøkkeltal knytt til ut- og innpendling, handelsoverskot og bustadbyggjing.

I månadsrapporten går det fram at ved utgangen av juni er det meirforbruk i fleire av tenesteområda. Sjefane har synleggjort kva konsekvensar innstramingane får for tenestetilbodet. Tiltak som går igjen i dei ulike tenesteområda er redusert vikarbruk og å ikkje gjera tilsetjing i ledige stillingar (vakanse).

Her kan du lesa heile rapporten.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Sist endret: 08.07.2019