Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis underskot på drifta

Økonomirapporten pr. 31. juli viser framleis at det ikkje er balanse i økonomien i Fjell kommune. Formannskapet har bedt rådmannen å leggja fram ein økonomirapport for kommunen kvar månad, og rapporten for juli viser ikkje særleg endring samanlikna med rapporten for juni.

Ill.foto

Rapporten vert sendt ut til orientering. Andre tertialrapport (pr. 31.08.2019) vert lagt fram til politisk behandling og endeleg vedtak i kommunestyret.

I denne rapporten har rådmannen i tillegg til økonomi gått djupare inn på tema som folketalsutvikling, sysselsetjing, arbeidsplassar, pendling og handel.
Etter berre sju månaders er det vanskeleg å gje ei sikker prognose på resultatet ved utgangen av året. Den økonomiske effekten av lønsoppgjeret er ikkje klarlagt i detalj. Effekten for netto vikar er også usikker. Netto effekten for gjesteelevar i skulen og utanbygds barn i barnehage ikkje kjent og har hatt store variasjonar dei siste åra. Rådmannen trur framleis at rekneskapen kan visa balanse eller eit lite overskot ved slutten av året.

- Vidare er det vanskeleg å kostnadsrekna effekten av alle dei ulike innsparingstiltaka som er sette i verk i heile organisasjonen. Årsprognosen er usikker og er avhengig av at innsparingstiltaka verkar. Dette vil ein først sjå full effekt av utover hausten. Lønsoppgjeret for 2019 er ikkje innarbeidd i tala. Det er sett av 7,8 millionar kroner til lønsoppgjeret, men det er venta at lønsoppgjeret vil utgjera om lag 16 millionar inklusive sosiale omkostningar, skriv rådmannen i rapporten.

Trendar

I rapporten vert det vist til at ein kommune har to hovudoppgåver; å bidra til ei positiv samfunnsutvikling og å levera særskilte tenester til innbyggjarane.

Det biletet som no teiknar seg er ikkje udelt positivt. Mange indikatorar går feil veg, og fleire viktige spørsmål reiser seg. Rådmannen spør om kvifor skatteinntektene til Fjell er så vedvarande låge samanlikna med landsgjennomsnittet, og kvifor ikkje balansen vert forbetra når arbeidsløysa fell som ein stein i Fjell. For berre nokre få år sidan hadde Fjell 102,5 prosent av landsgjennomsnittet, medan vi no har 92 prosent skatteinntekter av landsgjennomsnittet. Då vert spørsmålet kvifor vi ikkje ser nokon reduksjon i utbetalingane i sosialhjelp når arbeidsløysa går ned, og kvifor arbeidsløysa er høgast for unge kvinner.

Rapporten viser altså at driftsøkonomien har ikkje endra seg mykje frå juni til juli. Tala er noko svakare, men rådmannen reknar med at det vil snu utover hausten. Det tar tid frå innstrammingstiltaka vert sette i verk til ein ser resultat i rekneskapen. Rapporten viser til at effekten av nedlegginga av Liljevatnet skule vil vi ikkje sjå før neste månad. Det same gjeld mange andre reduksjonar. Det vert likevel viktig å halda oppe trykket på stillingsvakansar utover hausten.

Folketalsutvikling

Sjølv om det er vekst i folketalet, er vekstraten svakare enn tidlegare år. I perioden mellom 2011 og 2014 låg den årlege folkeveksten på mellom 2,3 og 2,5 prosent. I 2018 var vekstraten derimot på 1,7 prosent. Til samanlikning hadde Hordaland fylke ein auke på 0,6 prosent i 2018, medan landet elles auka med 0,4 prosent. Samanlikna med desse har Fjell kommune framleis høg vekst, men vekstraten er likevel lågare enn før.

Sysselsetjing

Arbeidsløysa for Fjell for 2019 er noko høgare i Fjell enn for både landet og fylket. Ved utgangen av juli 2019 var Fjell registrert med ei arbeidsløyse på 3,0 prosent av arbeidsstyrken, medan fylket og landet låg begge på 2,4 prosent. Både Fjell, Sund og Øygarden ligg høgt når det gjeld arbeidsløyse blant unge i alderen 15-29 år. Medan Hordaland fylke og landet ligg på høvesvis 2,9 og 2,7 prosent, ligg Fjell kommune på 4,4 prosent arbeidsløyse blant unge under 30 år.

Her kan du lesa rapporten for juli 2019.

 

Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 12.08.2019