Facebook ikon Twitter logo Print side

Framleis vekst i folketalet

Ved utgangen juni var det registrert 25 898 innbyggjar i Fjell. Dette er 84 fleire ( + 0,33 prosent) enn ved utangen av mars. For første gong på seks kvartal har folketalet i Øygarden auka.

Ill.


I Øygarden har folketalet auka med 20 personar (+ 0,41 prosent) det andre kvartalet til 4 897, medan folketaket i Sund har auka med 22 personar (+ 0,31 prosent) og var ved utgangen av juni 7 076. For heile regionen har folketalet auka med 184 personar (0,33 prosent) til 37 871 personar. Veksten i kommunane skuldast først og fremst fødselsoverskot.

Dersom folkeveksten i Fjell held fram med same takt som første og andre kvartal, vil det enda med ein folkevekst på 1,4 prosent året under eitt. Folketalet i fjor auka forholdsvis meir utover året. Dersom vi opplever same trend i 2018, vil folkeveksten verta større enn 1,4 prosent for heile 2018.

Tabell

Statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at fødselsoverskotet i Fjell andre kvartal var 65 personar, medan netto tilflytting utgjorde 19 personar.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox
Tabell: Jarle Kåre Oen, Øygarden kommune





Publisert: 22.08.2018 20:35
Sist endret: 22.08.2018 20:40