Facebook ikon Twitter logo Print side

Frivillighuset på Ågotnes tek form

Utlån av fritidsutstyr til barn og unge og øvingslokale for musikkband står først på lista når det gjeld aktivitetar i det nye frivillighuset på Ågotnes. På møtet i ungdommens kommunestyre (UKS) på tysdag gav fritidsklubbleiar Svein Ekrem informasjon om arbeidet med å rusta opp det gamle helsehuset til lokale for dei unge.

Frå møtet i UKS i går

Ekrem opplyste at taket på bygninga er skifta, og det vert no gjennomført renovering av romma. Kulturskulen skal ha eige rom i huset og det skal leggjast til rette for eit eige teknologirom og eit rom for danseaktivitet. Det vert lagt opp til at frivillighuset er ope tre- fire gonger i veka. Ei av dei viktigaste oppgåvene til husstyret er å arbeida med kva huset skal brukast til. UKS valde Kaja Endresen Bertheussen som representant i husstyret for frivillighuset.

Fellesmøte

Ungdommens kommunestyre drøfta kva som kan vera tema for fellesmøtet med ungdomsråda i Sund og Øygarden den 20. mars. Mellom anna drøfta ungdomspolitikarane korleis ein kan engasjera fleire til å delta i UKM (Ung Kultur Møtes).

I samband med tiltaksplanen konkluderte UKS med at det skal tingast UKS-genser som er merka med kommunelogo og UKS-logo. Nokre av genserane vert også merka med fornamn.

Elles vart det gjeve informasjon om arbeidsgruppe for lokaldemokrati i regi av Nye Øygarden kommune og ei større struktursak som skal til behandling komité for drift og forvaltning og kommunestyre i februar.


Tekst og foto: Vilgeik Brekke

 


Publisert: 31.01.2018 09:04
Sist endret: 31.01.2018 09:06